– Veldig krevjande

1 week ago 12



Riksadvokaten om TV 2-avsløring:

Kvar femte valdtektsdom blir omgjort i lagmannsretten, syner TV 2-undersøking. Til hausten skal Riksadvokaten granske etterforskingane.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud offentliggjorde påtalemyndighetenes avgjørelse i Baneheia-saken mot Viggo Kristiansen. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Publisert 25.04.2024 18:45

TV 2 har gått gjennom eit stort antal valdtektsdommar frå dei to største lagmannsrettane i Norge.

Spørsmålet vi stilte oss var: Kva skjer når ein valdtektsdom i tingretten blir anka vidare til lagmannsretten?

Vår gjennomgang synte at 20 prosent av desse dommane blir omgjort. Dei aller fleste blir frifunne. Nokre blir dømt for ein annan paragraf som gir lågare straff.

«Ida» (24) opplevde at dommen ble snudd på hodet: – Det ble en knusende kontrast

TV 2 har presentert tala til riksadvokat Jørn Maurud.

– Det er vanskeleg å peike på sikre og eintydige grunnar til at det er slik. Utover at ein i mange av desse sakene står ovanfor veldig krevjande bevissituasjonar, kommenterer riksadvokaten.

Følgjer med på utviklinga

Over halvparten av dei omgjorde sakene handlar om sovevaldtekter.

Riksadvokaten seier at dei følgjer med på utviklinga i frifinningsprosenten for seksuallovbrot.

For at påtalemakta kan ta ut tiltalte, må dei ikkje berre vera overtydd om at det har skjedd noko straffbart. Dei må også vera sikre på at dei kan føre bevis for det i retten, påpeikar Maurud.

– Men at ei sak med domfelling i tingretten blir til frifinning i lagmannsretten, betyr likevel ikkje at vi nødvendigvis har forvalta beviskravet uriktig, svarar Maurud.

 Sorosh Sadat / TV 2
DEMONSTRASJON: Fleire tusen i Bergen gjekk i tog for valdtektsofre tidlegare i april. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Skal gå gjennom valdtektssaker

– Fleirtalet av sakene som blir omgjort, gjeld sovevaldtekter. Kva fortel det deg?

– Først og fremst at desse sakene har eit særleg krevjande bevisbilde som gjer dei vanskeleg å etterforske og oppklare. Nettopp av den grunn er vi særleg opptekne av om det kan identifiserast eventuelle svakheiter i korleis desse sakene blir etterforska.

Riksadvokaten har allereie bestemt at ein må sjå nærare på dette, i samarbeid med statsadvokatembetet.

– Hausten 2024 skal vi gjera ein omfattande kvalitetsundersøking av valdtektssaker. Vi vil mellom anna sjå om vi kan identifisere kvalitetsforskjellar på etterforskinga av det dykk omtalar som «sovevaldtekter», samanlikna med andre typar valdtekter.

Trur ikkje samtykkelov løyser alt

Debatten om valdtektssaker rasar i samfunnet. Støttemarkeringar for valdtektsoffer har vore arrangert fleire stader i landet dei siste vekene.

Eit straffelovsråd forma ut ein samtykkelov før jul i 2022. Men mange meiner den føreslegne lova ikkje er tydeleg nok, fordi den ikkje krev uttrykt samtykke. 

– Vanskelig å bevise at den du bor med voldtar deg

Lovreforma har vore ute på høyring, der Riksadvokaten stiller seg positiv til å erstatte dagens føresegn med ein ny om «seksuell omgang utan samtykke».

– Det er grunn til å minne om at det også med ei samtykkelovgiving framleis vil vera krevjande å etterforske og oppklare valdtektssaker, seier Maurud til TV 2.

Read Entire Article