Vi vil ha tenestene nær brukaren – det gir tryggleik

2 hours ago 2



Så er det på agendaen igjen; kor mange forvaltningsnivå skal vi ha?

Eg er så heldig å bu i Evje og Hornnes kommune. Kommunen har vore godt styrt gjennom fleire år. Vi har ikkje unna oss luksus, og dermed har vi hatt midlar og folk til dei viktigaste oppgåvene, skriv Inger Juvastøl. Foto: GEIR DAASVATN

Arendal kommune har køyrd seg sjølv på konkursens rand, og roper på hjelp frå staten. (Eg nemner ikkje glassheis og Morrow.) Dei er ikkje åleine om det, for visseleg har det vore slik at kommunane har fått tildelt oppgåver som det ikkje har følgt tilstrekkeleg pengar med.

Så kjem diskusjonen om kor mange forvaltningsnivå vi skal ha i dette landet. Høgre var sjølvsagt ute igjen med sin ide om å slå samman kommunar. Med tvang. Høyre-toppane frå Oslo ser ikkje lenger enn til Asker og Bærum. Dei har rett og slett ikkje peiling på korleis vi har det på bygda. Dei vil ha bort fylkeskommunen.

Men her er ikkje alle Høyre-politikarar samde. Arne Thomassen, som har det bra som fylkesordførar, er i tvil.

Kvar oppgåvene blir løyst best, er vi dugeleg ueinige om. Ine Marie E. Søreide seier at kommunane må vere store skal dei klare å løyse oppgåvene sine. Det er eg totalt ueinig i! Går det så bra i Oslo? Dei slit med ungdomskriminalitet og dårleg fungerande barnevern. To sider av samme sak. Blir kommunen så stor, så må han delast inn i bydelsuval. På den måten kjem dei nærare brukaren. Det er viktig. Likevel har dei ikkje fått «eldreomsorgen til å skinne».

Søgne og Songdalen vart tvangssamanslått med Kristiansand. Det har ikkje vore godt for eldreomsorga. Det veit eg, for eg kjente både Songdalen og Søgne godt. Eg har slekt og venner der, venner i høg alder. Og det eg har sett, er ikkje så godt som då dei var eigne kommunar.

Eg er så heldig å bu i Evje og Hornnes kommune. Kommunen har vore godt styrt gjennom fleire år. Vi har ikkje unna oss luksus, og dermed har vi hatt midlar og folk til dei viktigaste oppgåvene. (Skal vedgå at eg ikkje var samd i å ta ibruk ei sleten kaserne på Evjemoen til administrasjonsbygg.)

Eg sier «har hatt», for nå ser vi og skrifta på veggen. Demografi og økonomi kjem ikkje til å gå godt samman framover. Vi blir for mange eldre som etter kvart treng tenester frå kommunen Men ville det hjelpe om vi vart slått samman med dei andre setesdalskommunane? Framleis ville vi vere for små ettersom Høgre vil ha det. Det partiet er eg ferdig med. Diverre. Vi vil ha tenestene nær brukaren. Det gir tryggleik.

Read Entire Article