Mann sikta for drapsforsøk etter knivstikking av gut i Moss

3 weeks ago 14



25. april 2024 kl. 15:42

Mannen som gjekk til angrep og knivstakk ein gut på veg til skulen torsdag morgon er no sikta for drapsforsøk. Det stadfestar Henning Dalbye, politistasjonssjef i Moss til NRK.

Mannen i 50-åra var tidlegare i dag sikta for kroppskrenking, men det er no blitt endra til drapsforsøk.

Politiet seier dei er kjent med mannen frå før, og at angrepet på guten verkar heilt tilfeldig. Guten er ikkje livstruande skadd.

Read Entire Article