Oljefondet snur: DN velkommen til neste års konferanse

3 weeks ago 16



No i kveld gjer oljefondssjefen heilomvending etter at det tidlegare i dag vart kjent at Dagens Næringsliv ikkje var velkomne på neste års investeringskonferanse.

Kommunikasjonssjef Line Aaltvedt i Oljefondet hevda at DN skal ha brote referatforbodet under foredraget til storinvestor Ole Andreas Halvorsen. Han er Noregs nest rikaste med ein formue på 63 milliardar kroner.

Oljefondet inviterer årleg til investeringskonferanse, der verdsleiande ekspertar held foredrag om finansøkonomiske tema. Konferansen er vanlegvis open og blir strøymd, men i år gjorde dei eit unntak under foredraget til nemnde Halvorsen.

Han var blant dei store trekkplastera til årets konferanse.

Det blei sett eit referatforbod som premiss for seansen, etter Halvorsens eige ønske.

– Takkar nei

Oljefondet meiner at DN valde å indirekte bryte desse reglane. Journalistane i avisa gjekk ut av rommet under foredraget, men skal i etterkant ha spurt publikum kva som blei sagt, for så å skrive eit referat.

– DN dekte seansen gjennom vanleg kjeldearbeid slik vi dekker andre arrangement der journalistar ikkje kan eller får vere til stades. Det er ikkje første og heller ikkje siste gong DN refererer frå møte som er lukka for allmenta og der det går føre seg samtalar av offentleg interesse, svarer DN-redaktør Janne Johannessen på utestenginga til Finansavisen.

Seint torsdag kveld skriv Nicolai Tangen i ein kronikk i Dagens Næringsliv at dei har gjort ein feilvurdering.

– Vi erkjenner at reaksjonen var ein feilvurdering. Vi beklagar feilen og ynskjer heile medie-Noreg, inkludert DN, velkomen til neste års konferanse, skriv Tangen.

– Bør la vere å legge opp til slike sesjonar

Finansdepartementet, som er ansvarlege for rammeverket til Oljefondet, ønskjer ikkje å kommentere. Dei viser til Oljefondet, som er ansvarlege for arrangementet.

Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Reidun K. Nybø, støttar DN-redaktør Johannessen.

– Oljefondet, som seier dei er blant dei mest opne investeringsfonda i verda, bør la vere å legge opp til slike lukka sesjonar, der ein i praksis har referatforbod, seier Nybø til NRK. Ho legg til:

Leder i Norsk redaktørforening Reidun Nybø, november 2022.

Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Reidun K. Nybø.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– Når ein i tillegg reagerer på presseoppslag og nektar tilgang til neste års konferanse, vitnar det om manglande forståing for rolla til pressa.

Ho håpar og trur at Oljefondet endrar avgjerda om utestenging i god tid før neste års investeringskonferanse.

Nybø har forståing for at ein i nokre samanhengar har behov for at ting ikkje blir referert, som i sikkerheitsspørsmål.

– Men då må ein velje seg mindre forum enn ein slik investeringskonferanse, seier Nybø.

Ho meiner det er relevant for offentlegheita å høyre Halvorsen si stemme.

– Det er eit generelt problem at veldig mange viktige stemmer i næringslivet ikkje er aktive deltakarar i den offentlege debatten i Noreg, seier Nybø.

NRK har bede Oljefondet om ein kommentar til Nybø sine utsegner, og har spurt om dei vil endre meining.

– Vi har sett opp eit møte med DN og ser fram til å diskutere saka vidare med dei direkte, seier Aaltvedt.

Publisert 25.04.2024, kl. 16.09 Oppdatert 25.04.2024, kl. 21.29

Read Entire Article