Like før klokka 12 opplyser vêrvarslinga i Nord-Noreg at det verste er over i Nordland.
– For Nordland sin del er den aller verste vinden passert, men det vil framleis vere ganske mykje vind, seier vakthavande meteorolog Håvard Thorset.
Han legg til at vinden vil auke noko i Troms og Finnmark dei neste timane, men utan å bli like kraftig som i Nordland.
– Det blir også nordavind og snø i dagane som kjem, både i Nord-Noreg og Midt-Noreg.
Fekk bilruta knust av eit tre
NRK har snakka med Lill Anita Kvalø i Sortland som fortel at ho vakna av eit brak.
– Det viste seg at ei grein frå ei stor furu hadde losna, segla rundt halve buska og treft bilen min, som stod ved kjellardøra.
Ho seier ho blei småskjelven av hendinga.
– Det er ei ganske stor buske. Vi kjem oss ikkje ut med nokon bilar her, og er heilt innesperra på vår eiga vesle gardsplass.
Bilen til Lill Anita Kvalø i Sortland har blitt ramma av uvêret.
Foto: Lill Anita NærøBilen har fått skadar, og ho fryktar også at murar kan vere råka.
– Vi må nok gå ut og sjå kor store skadane er.
Bladet Vesterålen omtalte saka fyrst.
Følg fleire nyheiter om uvêret her:
Butikkar stengde
Kjøpesenteret Alti Sandnessjøen held stengt laurdag etter at straumen gjekk som følge av uvêret.
– Når straumen er borte, verkar verken kassar, automatar eller noko anna. Då har vi dessverre ikkje noko val, seier senterleiar Arnt Ove Kaspersen.
Han fortel at senteret har sett ei frist klokka 13.
– Viss straumen kjem tilbake før den tid, opnar butikkane fortløpande så snart vi får folk på plass. Om ikkje, held vi stengt resten av dagen.
Ein barnehage i Bodø har fått skadar under uvêret.
Foto: Stefan WollenhauptEin barnehage i Bodø har fått skadar under uvêret.
Foto: Stefan WollenhauptEin barnehage i Bodø har fått skadar under uvêret.
Foto: Stefan Wollenhaupt
Kaspersen seier han reknar med forståing frå kundane.
– Dette er ikkje forhold vi kan rå over, så eg håpar og trur dei fleste har forståing for situasjonen.
Desse vegnetta er påverka av uvêret:
Taket har blåst av
I sameiget Rønvikveien i Bodø har fleire bygg store skadar.
På eitt av bygga har taket regelrett blåst av.
– Vi har ikkje oversikt over kor omfattande skadane er. Men det vi veit, er at både bilar og bygningsmasse er skada. Det ligg materiale og takrestar på bakken, seier styreleiar Christian Unosen til NRK.
Han omtalar situasjonen som svært alvorleg.
I sameiet Rønvikveien i Bodø har fleire bygg store skadar.
Foto: Christian Unosen / NRKRønvika lørdag morgen
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRKFlere biler ligger delvis under takplater i tre etter at taket på boretslaget blåste ned.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRKTakplater og søppel rundt boretslaget i Bodø.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK
– Det er jo svært kritisk. Det er inga tvil om at det er ein krevjande og svært alvorleg situasjon.
Det er førebels ikkje teke ein avgjerd om å evakuere bebuarane.
Ingen skal vere skada.



Bodø sentrum lørdag morgen
Sofie Retterstøl Olaisen/NRKUvêret forseinkar arbeidet med straumen
På det meste var over 23.000 utan straum i Nordland, ifølge straumselskapa Arva, Noranett og Linea.
Talet svingar opp og ned fortløpande.
– Dette er heilt klart vêret som er årsaka. Det kan vere tre som fell, eller at vinden er så sterk at linjene slår saman og gir kortslutning, seier Steinar Benum, dagleg leiar i Linea.
Og legg til:
– Akkurat no er det hektisk. Vi har ikkje full kontroll, men jobbar for å få kontroll. Alt tilgjengeleg mannskap er sendt ut, men uvêret gjer det farleg å ferdast på vegane.
Kart som viser kvar i Nordland det er straumbrot.
Grafikk: LINEALinea opplyser at det vil ta to til tre timar før feila er identifiserte, og at det vil ta tid med å få ned talet på straumlause.
– Nokre kan få straumen tilbake relativt raskt, medan andre må vente til langt utover måndag og neste veke.
Rundt 4000 husstandar er utan straum i Innlandet.
Nettselskapet Tensio opplyser at meir enn 1600 kundar i Trøndelag var utan straum rundt klokka 09.45
Tatt av vinden
– Vi får mange meldingar knytte til uvêret, med lausgjenstandar som trampolinar, tak og trapper som har blåse av, samt tre som har falle over vegar, seier Ina Kristin Selfors, operasjonsleiar i Nordland politidistrikt.



Kraftig vind ved Bestemorenga i Bodø lørdag morgen
INNSTRANDA IDRETTSLAGPolitiet ber også folk vente med å gå ut til vinden har roa seg.
Førebels er det ikkje meldt om personskadar.
Selfors opplyser til NRK at dei ikkje fått meldingar om problem knytte til straumbrota.
Ein bil blåste av vegen i Nordland pga. uvêret.
Foto: Jens André M. BirkelandTidleg laurdag morgon blei ein garasje tatt av vinden i Hemnes kommune på Helgeland. Ingen personar blei skadde. Garasjen ligg nå over ein veg
Ein bil har blåst av vegen i Vesterålen.
Åtvarar om kraftige vindkast
Det er sendt ut oransje farevarsel om kraftige vindkast i Nordland og Sør-Troms.
Kasta kan kome opp i 35–44 meter per sekund, ifølge varselet.
Også i delar av Trøndelag og Sør-Noreg blåser det kraftig. Det er sendt ut farevarsel på gult nivå om vindkast for Innlandet.
Publisert 27.12.2025, kl. 05.55 Oppdatert 27.12.2025, kl. 11.52














English (US)