Angrep på gigantdam i Ukraina – Russland trappar opp krigen

1 month ago 25



Bilete frå det som heiter Dnipro vasskraftverk i Zaporizjzja syner at det russiske angrepet mot anlegget har vore svært omfattanda.

Det brenn i kraftverket som ligg under sjølve dammen, og det er også brannar oppe på vegen som går over det gigantiske anlegget.

zaporizjzjia

Ein trolleybuss står i brann på vegen som går over dammen i Zaporizjzja.

Foto: Ukrainska Pravda

Ein trolleibus står i brann, og det er uklårt om dei som var inne i bussen kom seg ut i tide.

Det skal ikkje vera umiddelbar fare for at sjøløve dammen skal breste.

Fryktar for kjernekraftverk

Også straumforsyninga til kjernekraftverket i Zaporizjzja skal vere ramma. Ein av dei to straumkablane inn til kraftverket er kutta.

Kraftverket litt på russisk-okkupert område sørvest frå Zaporizjzja by.

– Situasjonen er ekstremt farleg, og vi risikerer han kan utløyse ein naudssituasjon, seier det ukrainske kjernekraftselskapet Energoatom.

Dersom den siste straumlinja skulle bli kutta, og kraftverket blir straumlaust, fryktar selskapet for tryggleiken ved kraftverket.

Kjernekraftverket i Zaporizjzja i Ukraina

Kraftforsyninga til kjernekraftverket i Zaporizjzja skal vere ramma i eit russisk angrep natt til fredag.

Foto: OLGA MALTSEVA / AFP

– Fienden gjennomfører no det største angrepet mot ukrainske energiforsyninga i nyare tid.seier den ukrainske energiministeren Herman Halusjtsjenko, ifølge AFP.

Kreml – Vi er i krig

Pressetalsmann for den russiske presidenten Vladimir Putin seier fredags føremiddag at Russland nå er i krig i Ukraina.

Tidlegare har russiske styresmakter kalla det fullskala-angrepet som starta 24. februar 2022 for ein spesialoperasjon.

Årsaka kan vera at Ukraina den siste tida i aukande grad har angripe mål inne i Russland.

Russiske frivillige som slost på ukrainsk side, har også gått inn i Belgorod og Kursk fylke sørvest i Russland.

Zelenskyj – målretta angrep

Det ukrainske luftforsvaret seier dei skaut ned 92 av 151 rakettar og dronar som blei skotne i eit omfattande russisk angrep mot Ukraina.

Minst to er drepne og 14 skadde i angrepet, melder Reuters.

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj kallar bombinga natt til fredag for målretta.

– Verda ser måla til russiske terroristar klart og tydeleg: kraftverk og kraftlinjer, ei demning, vanlege bustadbygg, til og med ein elektrisk buss, skriv han på meldingstenesta Telegram.

Ifølge ei melding frå presidentens kontor er over ein million ukrainarar utan straum etter angrepet natt til fredag, melder Reuters.

Publisert 22.03.2024, kl. 08.10 Oppdatert 22.03.2024, kl. 10.44

Read Entire Article