Netanyahu til «Dr. Phil»: – Vil slåst med berre nevane mot Hamas

1 week ago 546



Philip Calvin McGraw, betre kjend som Dr. Phil, har floge til Israel og intervjua Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

I intervjuet, som vart sendt på det amerikanske TV-programmet «Dr. Phil Primetime» natt til fredag, snakka dei to om den lenge varsla invasjonen av Rafah og om forholdet til USA.

USA, som er Israel sin største våpenleverandør og nærmaste allierte, har gått frå å gi full støtte til å uttrykke bekymring for sivile og truge med å halde igjen våpenleveransar.

– Eg håpar at vi kan overvinne ueinigheitene våre no. Men vi vil gjere det vi må for å beskytte landet vårt og framtida vår, sa Netanyahu.

Joe Biden

Torsdag heldt president Biden ein tale der han truga med å trekke delar av støtta til Israel i krigen mot Hamas. USA er Israel sin nærmaste allierte og største våpenleverandør.

Foto: Morry Gash / AP

– Korleis skil de mellom Hamas og sivile?

Biden-administrasjonen har sagt at dei ikkje kan støtte ein storskala invasjon av Rafah, sør i Gaza, utan ein truverdig plan for å beskytte sivile.

– Korleis skil de mellom Hamas og sivile palestinarar på Gazastripa? spurde Dr. Phil Netanyahu, og viste til at fleire hevdar at ein del av Hamas sin taktikk er å halde seg tett på sivile.

Netanyahu svarte ikkje direkte på spørsmålet, men sa at taktikken gjer jobben mykje vanskelegare for det israelske forsvaret.

bil med bagasje på taket. barn i bilen

Palestinarar i Rafah har fått beskjed frå IDF om å forlate byen, elles vil dei bli bomba. UNRWA melder at rundt 80.000 menneske har forlate byen sidan ordren kom måndag morgon.

Foto: AFP

NRKs Midtausten-korrespondent Yama Wolasmal stilte det same spørsmålet då han intervjua David Mencer, talsperson for den israelske regjeringa.

– Vi har følgt gullstandarden når vi har målretta krigen mot terroristar, og fått sivile unna farlege område, svarte Mencer.

– EU seier at de bruker sult som eit våpen mot 2,2 millionar folk på Gazastripa. Det høyrest ikkje ut som ein gullstandard, sa Wolasmal.

Born i flyktingleiren i Rafah sør på Gaza, framfor eit kvitt telt med skrifta "Takk Columbia-studentar"

Born i flyktingleiren i Rafah sør på Gaza, framfor eit kvitt telt med skrifta «Takk Columbia-studentar». Studentar og andre som er imot Israel sin krigføring på Gazastripa, samt USA sin støtte til dette, har demonstert ved fleire amerikanske universitet dei siste vekene.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Kan halde igjen meir våpen

Netanyahu si regjering var lenge stille om at Washington heldt tilbake ein leveranse av luftbomber til Israel førre veke. Men denne veka gjekk Biden offentleg ut og sa at dette var ein del av ei åtvaring mot å gå inn i Rafah.

– Sivile har vorte drepne i Gaza på grunn av bombene. Det er berre feil, sa han i eit intervju med CNN.

Han truga med å stanse fleire av dei amerikanske våpenleveransane til Israel om militæret går inn i Rafah med bakkestyrkar.

– Du kan ikkje støtte Israels rett til sjølvforsvar, og så motarbeide det når Israel forsvarar seg sjølv, var Netanyahu sin kommentar til dette i intervjuet med Dr. Phil.

– Vil slåst med berre nevane

Tonen mellom Israel og USA har kolna, og torsdag var fleire ministrar frå den israelske regjeringa ute med sine reaksjonar på trugslane frå Biden.

Tryggingsminister Itamar Ben-Gvir var blant dei som tok til X for å kommentere talen.

tweet av ben gvir

Foto: Skjermdump frå X.

Netanyahu sa til Dr. Phil at Israel er budd på å stå aleine i krigen. Han viste inga bekymring for kva ein eventuell stopp i våpenleveransar kan bety for utfallet av krigen.

– Eg har sagt at vi vil slåst med berre nevane om vi må. Men eg forsikrar deg om at vi har meir enn berre nevane våre, sa han.

Oppryddingsarbeid etter israelske bombeangrep i Rafah tysdag.

Oppryddingsarbeid etter israelske bombeangrep i Rafah tysdag.

Foto: Reuters

Israel har sidan natt til måndag bomba delar av Rafah, der over ein million palestinarar søker tilflukt etter at andre byar i Gaza har vorte bomba sønder og saman. 600.000 av dei som oppheld seg i byen er barn, ifølge Unicef.

Fleire statsleiarar og humanitære organisasjonar verda over har åtvara mot at ein invasjon av den sørlege byen vil bli eit blodbad for sivile.

Publisert 10.05.2024, kl. 06.58 Oppdatert 10.05.2024, kl. 08.00

Read Entire Article