Dødens venterom

1 week ago 17



NRK skreiv 14. mars at halvparten av bebuarar på norske sjukeheimar har opplevd omsorgssvikt. Det kjem fram av rapporten «Omsorg under press» frå Røde Kors. Dei eldre får hjelp til å legge seg og kome seg opp om morgonen, elles sit dei mest åleine.

Det er dessverre eit refreng eg har høyrt før. Eg har vore med på å synge det. For vel 15 år sidan hadde eg sommarjobb på ein sjukeheim.

Tida var knapp, folka få. Vi sprang frå do-besøk til mating, frå eit gråtande andlet til ein utagerande neve. Men eg rakk aldri å sitje. Stryke dei rynkete hendene som heldt meg att, høyre på ei historie som verka etter å bli fortalt.

Eg hadde ikkje tid til å sjå kven dei var og kven dei hadde vore, berre det dei hadde blitt. Aldrande deigar på samleband.

Det ser no ut til at det ikkje har skjedd store endringane på dei 15 åra. Men om sjukeheimane ikkje skal vere anna enn dødens venterom, står vi i fare for å bli eit u-land på eldreomsorg. Og det før eldrebølga verkeleg skyt fart.

Ein forventar at framtidas eldre må bu lengre heime. Samstundes aukast pensjonsalderen, slik at pårørande gjerne står i fullt arbeid medan dei skal passe på sine aldrande foreldre.

Sjølv om AI kjem for fullt med sine snakkande medisindispenserar, er det ikkje løysninga på eldrebølga. Omsorgsarbeid er krevjande, og det er mennesket som er verktøyet.

Om ein sparar inn på sjukeheimsplassar, vil ein kunne sjå att belastninga i sjukemeldingar når pårørande i full jobb i tillegg må ha døgnvakt over sine foreldre.

I enkelte kommunar står sjukeheimsplassar ledige, for dei har ikkje råd til bemanning. Samstundes døyr dei eldre i køen, og slik sett er dette eit av få problem som faktisk løysast av ein vente-og-sjå-haldning. Men er det etisk? Moralsk?

Eg blir til i møte med ditt gode ansikt, er eit omgrep frå pedagogikken. Det gjeng ut på at barnet treng eit andlet og nervesystem å spegle seg i for å ha sunn utvikling. Men er det ikkje slik at vi treng dette gjennom heile livet?

Rapporten frå Røde Kors fortel at dei eldre er mykje åleine, og får lite stimuli. Det bringar meg til eit forsøk der 30 kvinner sat åleine på eit rom i 8 timar. Forsøket synte at dei vart like slappe som om dei ikkje hadde ete på åtte timar. Etter sosial isolasjon set kroppen i gang prosessar som liknar matmangel.

Eg trur ikkje bebuarane på sjukeheimen får nok måltid. Men svolten vi ikkje legg merke til, som ikkje syner seg på vekta eller ved at kleda blir lausare i fasongen, er hudsvolten.

Den skrikande lengta etter eit kinn, etter armar som held, etter omsorg. Og den finst ikkje i maskinar som distribuerer medisinar, eller tryggleiksalarmar.

Smilet og blikket frå ein annan, som gjer at vi kjenner oss i live, på bølgelengde, som stoggar einsemda – den finst ikkje i tidsklemma. Vi er effektive, ja, men effektivitet utan tid til å bli sett, bli høyrt, er ikkje produktivt. Tvert om.

Det er målstyring på kvantitet over kvalitet, som gjer at dei eldre forvitrar i stilla. Men ingenting som har med menneske å gjere, kan forvandlast til tal på eit ark.

Det finst ein prislapp på omsorg, for dette handlar som alt anna, om pengar. Til å skaffe fleire verktøy – i dette tilfellet hender, auge, kinn, øyrer som kan høyre.

Og inntil ein får rett til å bestemme over eigen død, må vi fremme livet. Og livet finst i minuttane, i møtet mellom deg og meg.

Publisert 05.05.2024, kl. 12.05

Read Entire Article