Evakuerer Rafah: – Kor skal me gjera av oss no?

1 week ago 18



– Kor skal me gjere av oss?

Souhair Shayber står inne på flyktningleiren i Rafah, heilt sør på Gazastripa, når NRKs team møter ho måndag føremiddag.

Rundt ho er hundrevis av telt.

Over ein million menneske har tatt med seg eigendelane sine og flykta til byen det siste halvåret.

Og no har dei fått beskjed frå det israelske forsvaret om å evakuera på nytt.

Årsaka er eit varsla militært angrep mot det Israel hevdar er hamasleiarar.

Flyktar for tredje gong

Shayber seier ho allereie har flykta to gongar som følge av krigen. Først frå heilt nord på Gazastripa til byen Khan Yonis, så vidare til Rafah.

– Dei sa at Rafah var heilt sikkert, men no er det ikkje sikker her heller. Kor skal me? Me har ikkje noko sikker plass lenger, seier Akram Shayber.

Souhair Shayber fortel at prisen på transport til nye stadar inne på Gazastripa er høg.

– Det er ingen her som har pengar. Me har ikkje råd til å ete. Alt er blitt dyrare på grunn av krigen, seier ho.

Som vist under er det stor trengsel etter forsyningar i Rafah.

Ber dei bevega seg «til spesifikke område»

Den israelske hæren «oppfordrar» sivile palestinarar som oppheld seg i den austlege delen av Rafah til gradvis å bevega seg «til spesifikke område».

– I dag tidleg starta vi ein avgrensa operasjon for å mellombels evakuere innbyggarar i den austlege delen av Rafah, sa ein israelsk militærtalsmann i eit nettmøte med pressa måndag morgon.

Søndag antyda Israels forsvarsminister Yoav Gallant at ein planlagd militæroperasjon i Rafah ville begynna innan kort tid.

Landet meiner militæraksjonen er nødvendig fordi Hamas ikkje vil gå med på ein gisselavtale.

Flygeblader Gaza

Desse karta vart slupne ut over Gaza måndag.

Foto: Ismael Abu Dayyah / AP

Egeland om Rafah: – Dette er ulovleg

Måndag vart mange tusen kart i form av flygeblad slupne over Rafah.

I kartane er det markert kva for soner som er trygge. Og kva for soner flyktningane må forlate.

Generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland. kallar flyttinga av flyktningane ulovleg.

– Dette er ikkje noka evakuering. Dette er ei tvangsmessig fordriving av menneske til område der dei ikkje har bustad, ikkje har mat, ikkje har vatn. Det er ulovleg under folkeretten, seier Egeland til Sky News måndag.

Jan Egeland

Jan Egeland meiner fleire stormakter må ta ansvar for å stoppe Israel.

Foto: Emilie Madi / NTB

– USA, Storbritannia og Tyskland må stoppe dette

Egeland forklarar at flyktningane dit dei er bedne om å dra, ikkje har ly og ikkje har noko tryggleik.

– Dette er den største flyktningleiren i verda, og ein krigsmaskin skal berre pløye gjennom den. USA, Storbritannia og Tyskland må stoppe dette. Våpena deira kan bli ein del av dette, held han fram.

Flykter Rafah

Fleire tusen vart måndag atter ein gong drive på flukt.

Foto: NRK

Generalsekretæren meiner at staden flyktningane no er bedne om å dra til, berre er ei strand som allereie er overfylt.

Ifølgje Egeland er så mange som 400.000 palestinske flyktningar til stades der israelske styresmakter no ber dei 1,4 millionane flyktningane i Rafah reise til.

– Det er ikkje moglegheiter for hjelp der dei drar. Og det vil også paralysere det store hjelpearbeidet vårt i Rafa-området. Dei to partane kan og bør inngå ei våpenkvile i dag, seier Egeland.

Publisert 06.05.2024, kl. 18.55

Read Entire Article