Fem personar til sjukehus etter angrep ved t-banestasjon i London

2 weeks ago 14



– Vi blei kalla inn like før klokka 7 lokal tid til meldingar om at eit køyretøy blei køyrt inn i eit hus i Thurlow Gardens-området. Det blei meldt at folk var stukne med eit våpen, melder London-politiet.

– Ein mann med sverd har blitt arrestert.

Fem personar er frakta til sjukehus, blant dei to politifolk, melder The Telegraph.

Storbritannia-korrespondent Gry Blekastad Almaas orienterer om angrepet.

– Verkar ikkje terror-relatert

Fleire bilete og videoar på sosiale medium viser den same personen med det som ser ut som eit katanasverd. Dei samsvarar med andre bilete av området som er tekne i dag.

– Vi meiner ikkje at det er nokon vidare trugsel mot samfunnet. Vi ser ikkje etter fleire mistenkte, seier assisterande politikommissær Ade Adelekan i eit utsegn.

Angrepet som er meldt har truleg skjedd nær ein t-banestasjon i utkanten av Stor-London.

– Hendinga verkar ikkje terror-relatert.

Naudetatane gav helsehjelp på staden, melder The Guardian.

Vitne: – Treft med elektrosjokkvåpen

NRK har snakka med Chris Bates (40), som bur i nærleiken av stasjonen. Han seier han såg den mistenkte gjerningspersonen bli arrestert frå soveromsvindauget.

Chris Bates i London, var nær angrep

Chris Bates seier han følgde med på politijakta frå huset sitt.

Foto: Privat

– Han sprang gjennom alle hagane, frå enden av vegen der stasjonen er og opp mot mitt hus, seier Bates, og legger til at mannen hadde eit «samuraisverd».

– Han prøvde å kome seg opp på stillaset på huset ved sidan av mitt då politiet trefte han med elektrosjokkvåpen.

Bates seier det står mange ambulansar i nabolaget framleis.

– Det bekymrar meg å vite om at dersom eg hadde gått ned på butikken for å kjøpe mjølk eller noko, så kunne det vore meg.

Åtvarar mot å spekulere om detaljane

Representanten for området i den britiske nasjonalforsamlinga, Wes Streeting, skriv på X:

– Det er annonsert at det har skjedd ei kritisk hending i Hainault. Stasjonen og vegar er stengde.

Hainault

Det er framleis mykje politi i området.

Foto: AP

Transportselskapet Transport for London (TfL) seier årsaka til stasjonsstenginga er politietterforsking.

– Eg er fullstendig knust av nyheitene frå Hainault denne morgonen, skriv ordføraren i London, Sadiq Khan, på X.

– Eg vil oppfordre folk til å ikkje spekulere før detaljane om hendinga er stadfesta av politiet.

Meir frå Utanriksredaksjonen:

Publisert 30.04.2024, kl. 10.33 Oppdatert 30.04.2024, kl. 12.00

Read Entire Article