Forbløffa av stjerna sitt maraton: – Galskap

1 week ago 16



– Dette er ei økt som eg ikkje gjør så alt for ofte sidan det er ei knallhard økt, men innimellom er det bra å køyre slike hardøkter.

Det seier Kilian Jornet til NRK om den ekstreme økta som vekker oppsikt.

Den spinnville treningsøkta er ein viktig brikke i forberedelsene til fjellmaratonet Zegama-Aizkorri i Baskerland i Spania om tre veker.

– Det er ein grunn til at dei beste er gode, seier Kristian Ulriksen nøkternt.

Ulriksen er for mange kjend frå den tidlegare NRK-podkasten «I det lange løp» og har sjølv ein personleg rekord på maraton på 2.21.36.

Kilian Jornet har i ei årrekke vore kjend for utrulege bragder innanfor fjelløp, klatring og andre aktivitetar der det går hurtig både oppover og nedover.

Cg5A73usVzM

MERITTERT: Kilian Jornet spring inn til siger på det 171 kilometer lange ultraløpet Ultra Trail du Mont Blanc som går gjennom alpane.

Foto: JEFF PACHOUD / AFP

36-åringen har budd i Rauma i Møre og Romsdal sidan februar 2016 og gjennomførte den imponerande treningsøkta i same kommune fredag.

Nøkkeltala kort samanfatta:

  • Lengde: 42,02 kilometer
  • Antal forserte høgdemeter: 2027 meter
  • Total tid brukt: 2 timar, 59 minutt og 47 sekund (total tid i rørsle var 2 timar, 57 minutt og 48 sekund).

Rett nok mangla det då 175 meter på ein full maratondistanse, men i praksis ein maraton tilbakelagd på tre timar.

– Sidan eg ikkje konkurrere så ofte nå, så er det greitt å få ein slik stimuli for kroppen. Disse øktene i konkurransefart bidrar til at eg blir vand til farten og samtidig får eg også simulert ting som kan skje i et løp, seier Jornet.

– Han er best i verda

På treningsappen Strava har kommentarane hagla inn under den tøffe treningsøkta, som Jornet tilsynelatande gjennomførte heilt aleine.

Spanjolen har sprunge fram og tilbake i Måndalen, med ei 3,5 kilometer lang stigning han har sprunge tre gonger og ei to kilometer lang stigning han har sprunge tre gonger.

Underlaget verkar til å ha variert mellom hardpakka grus, stiar og asfalt, med eit terreng som stort sett var enten bratt oppover eller bratt nedover.

– Galskap, skriv Francesco Puppi, tidlegare verdsmeister i fjelløp, på Strava.

Strava

DJUPDYKK: Slik ser monsterøkta til Kilian Jornet ut på treningsapplikasjonen Strava.

– Det er jo imponerande. Han er best i verda og det har han vore i 10–15 år på rad. Det er ein grunn til at dei er best. Dei gjer imponerande treningsøkter, men dei gjer også det som skal til for å vere førebudd til ein konkurranse, seier Ulriksen om treningsøkta.

Jornet tar imot rosen med knusande ro.

– Eg føretrekkjer heller å prestere i konkurransar enn på treningsøkter som eg publiserer på Strava, seier Jornet.

– Eit indre driv

Friidrettseksperten synest det er vanskeleg å spekulere i akkurat kor raskt Jornet kunne sprunge på ein flat maraton, men seier at han trur Jornet ikkje vil ha nokon problem med å springe under 2 timar og 15 minutt med spesifikk trening.

Verdsrekorden til nå avdøde Kelvin Kiptum er på 2.00.35. Sondre Nordstad Moen har den norske rekorden på 2.05.48.

På spørsmål kva Nordstad Moen synest om Jornets treningsøkt, kom svaret raskt:

– Såpass må det vere, skriv Moen til NRK i ei tekstmelding.

2023 World Athletics Championships, day 9

LANGDISTANSELØPAR: Sondre Nordstad Moen undervegs i friidrett-VM der han blei nummer 23.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Svaret til Nordås kan tolkast på fleire måtar, men prestasjonen til Jornet, som har vunne fleire av det største fjelløpet i verda, imponerer framleis Ulriksen.

– Det handlar mykje om andre ting (enn idretten) for Kilian. Han har nok eit indre driv og ein motivasjon som ikkje nødvendigvis handlar om prestasjon, seier Ulriksen.

Skal vi tro hovudpersonen sjølv, blir vi ikkje å sjå han i et flatt maraton med det første.

– Eg blir nok ikkje å springe nokon flate maraton. Kroppen min er blitt vand til å springe i fjell over mange år. Når eg da spring flatt, spring eg ofte på meg skader, seier Jornet.

Publisert 06.05.2024, kl. 13.39

Read Entire Article