Forskar: – Dette bildet kan skape trøbbel for Noreg

1 week ago 14



Bildet med ukjend fotograf blei tatt i samband med 1. mai-feiringa i Grenland der Eide heldt fleire talar.

På bildet har Raudt-politikaren Mona Osman ein plakat med «Fuck Israel», «Fuck kapitalisme» og «Fuck Nato».

Barth Eide avviser at dette på noko vis representerer hans eller Noreg sitt syn.

Bildet har spreidd seg i sosiale medium dei siste dagane og har også nådd den store israelske avisa Jerusalem Post.

– Kjende ikkje til ho

Tuva Bogsnes i UD skriv på vegner av Barth Eide at bodskapen på bildet på ingen måte reflekterer utanriksministeren sitt syn.

– Utanriksministeren og Noreg er verken mot Israel, kapitalisme eller Nato, slår Bogsnes fast.

Ho seier vidare at Espen Barthe Eide ikkje kan hugse å ha sett plakaten og at han ikkje var klar over teksten på bildet.

– Kvinna på bildet var ein del av ei gruppe som hadde møtt opp for å demonstrere mot utanriksministeren og regjeringa. Eide kjende ikkje til kven ho var.

Faren utlevert

Kvinna med plakaten er Mona Osman.

Ho har i ei årrekke vore lokalpolitikar for Raudt og Palestina-aktivist. Ho har også vore ordførarkandidat i Skien.

Far til Osman blei i 2020 pågripen og utlevert til Frankrike. Der er han mistenkt for medverknad til ein terroraksjon i 1982.

Seks menneske blei drepne og 22 skadde i terroren mot ein jødisk restaurant, men det skal ikkje vere tekniske bevis mot den norske statsborgaren som er utlevert.

– Under verdigheita

Osman og søskena har nekta å late seg avhøyre om den saka.

NRK har gjort ei rekke forsøk på å nå ho søndag. Ho har ikkje svart.

Midtausten-ekspert og professor Hilde Henriksen Waage er ikkje vidare imponert over Palestina-aktivisten sin framgangsmåte.

– Det burde vere under verdigheita til aktivistane å misbruke ein norsk utanriksminister, for å fremje sine eigne politiske formål. Utan å tenke på kva slags type skade og ringverknader dette kan få, seier ho.

Hilde Henriksen Waage

Professor Hilde Henriksen Waage.

– Problem

Ho fryktar at slike bilete som no blir spreidd til Israel kan skape store problem for Espen Barth Eide og den rolla Noreg spelar i konflikten mellom Israel og Palestina.

– Det er fordi at vi har sett i historia mange eksempel på korleis Israel bruker ulike sånne PR-stunt til dei politiske formåla sine, seier Waage.

Ho peikar på at eit fleirtal av israelske medium har ei heilt anna vinkling og nyheitsdekning enn det vi er vande med her i landet.

– Mange av desse artiklane og omtalane går jo på å vise korleis Israel er isolert i verda. Og korleis heile verda er mot Israel, seier professoren.

Publisert 05.05.2024, kl. 15.36

Read Entire Article