Gallant: Hamas bør ikkje styre Gaza etter krigen

1 month ago 31



Forsvarsministeren Gallant er i Washington for ei rekke møter med høgtståande amerikanske tenestemenn.

No tar han til orde for at det må byggast eit lokalt alternativ som kan styre Gaza «etter at Hamas er sigra over», skriv nyheitsbyrået Reuters.

Ulik oppfatning

I eit innlegg på X kjem det fram at Gallant diskuterte den varsla bakkeinvasjonen av Rafah med USAs forsvarsminister Lloyd Austin.

Austin skriv på X at samtalane handla om «å diskutere viktigheita av ei tilnærming til militære operasjonar i Rafah som prioriterer vern av sivile, den humanitære situasjonen i Gaza og truslar mot regional tryggleik».

Også Gallant har omtalt forsvarsministermøtet på den sosiale plattforma.

Her er bodskapen annleis - og fokuserer på å oppretthalde Israel sitt militære forsprang i regionen.

Gallant takkar for ein viktig diskusjon om «kva slags operasjonar som krevjast for å øydelegge Hamas sitt styresett og terrorkapasitet, innsats for å frigi gislar og måtar å sikre regional stabilitet i møte med truslar på fleire frontar», heiter det i innlegget.

Sterkt press

USA er Israels viktigaste allierte og Gallant var open om kor viktig det er med tette band mellom landa for Israel sin tryggleik.

Den siste tida har spenninga vore høg og USA har ved fleire anledningar kritisert Israel for deira krigføring i Gaza.

Austin poengterte under møtet at dødstalet på Gazastripa er «altfor høgt», og at den humanitære naudhjelpa er «altfor lav».

– Gaza står i ein humanitær katastrofe og situasjonen blir stadig verre, sa Austin.

Sjølv om Israel i stor grad mottar aukande kritikk frå Washington, understrekar amerikanske tenestemenn at dei vil halde fram med å forsyne Israel med våpen for å halde fram krigføringa i Gaza.

Gaza i ruinar

Store delar av Gaza ligg i ruinar etter snart eit halvt år med krig.

Foto: AFP

Krev våpenkvile

Tryggingsrådet i FN stemte måndag gjennom eit forslag om umiddelbar våpenkvile i Gaza under fastemånaden ramadan.

USA, som ved fleire anledningar har nytta sin vetorett, avstod denne gongen frå å stemme.

Dette falt ikkje i god jord i Israel, der statsminister Benjamin Netanyahu svarte med å avlyse eit planlagt besøk til Washington.

Publisert 27.03.2024, kl. 06.54 Oppdatert 27.03.2024, kl. 07.51

Read Entire Article