Gigantisk skip skal sikra over éin milliard kroner i veka til Noreg

1 week ago 18



– Gratulerer med dagen. Til Stord, men også til nasjonen Noreg.

Skryten sat laust hos finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) då han denne veka besøkte verftet til Aker Solutions på Stord i Vestland.

Der markerte Equinor at det enorme produksjonsskipet Johan Castberg snart skal kasta loss.

To år forseinka, og med ei sluttrekning på over 80 milliardar kroner for heile feltutbygginga.

I løpet av året skal skipet til Barentshavet, der produksjonen skal starta opp.

Jihan

Eit skip, ein mobilkran og ein arbeidar. Skipet manglar berre 20 meter på å vera like stort som det amerikanske hangarskipet USS «Gerald R. Ford».

Foto: Olav Røli / NRK

Vedum: Eg ser sjukehus, skular og pensjon

Før 2055 skal skipet ha henta opp over 450 millionar fat olje frå havdjupna nord for Hammerfest.

– Skipet skal pumpa opp verdiar for om lag éin milliard kroner i veka, i 30 år, med dagens oljepris, seier Vedum, som avviser at han ser dollarteikn i auga når han ser skipet.

– Eg ser sjukehus, skular, pensjon, og tryggleik for deg og meg. Skipet skal gi energi til Noreg, Europa og resten av verda.

Johan Castberg

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum kan sjå pengane komma inn til staten frå endå eitt olje- og gassprosjekt.

Foto: Olav Røli / NRK

I løpet av trettiårsperioden vil skipet, med dagens oljepris, dermed ha pumpa opp verdiar for om lag 1,5 tusen milliardar kroner.

Det norske oljefondet er i dag verdt rundt 17 tusen milliardar norske kroner.

– Kva skal Noreg leva av når ein skal vekk frå slike prosjekt og sikra at ein når klimamåla?

– Dette skipet er heilt unikt lønsamt. Men dei som går med kjeledressen, skal også vera med og bygga andre næringar, som havvind, svarer Vedum.

Har fylt opp gammal dokk

Berre på Aker Solutions på Stord har mange tusen personar vore i sving med arbeid på skipet.

Og det ser lyst ut også framover. Heile konsernet, der milliardær Kjell Inge Røkke indirekte er majoritetseigar, har ein ordrereserve på nesten 70 milliardar kroner.

For å ta imot framtidige oljeoppdrag, har Stord-verftet fylt over 6.000 lastebillass med stein i ein gammal dokk på verftsområdet.

På same område dei bygde gamle oljetankarar til langt utpå 70-talet, før olje for alvor gjorde sitt inntog med Statfjord A.

Under markeringa på nylagt asfalt tysdag, var tusenvis av arbeidarar samla for å få gratis lunsj.

– I dag er det utdeling av 3.500 hamburgarar, seier Svanhild Hopland, som hadde kontroll i matteltet.

Tom dokk Aker Solutions Stord

Over 6.000 lastebillass med stein er brukt for å fylla opp denne dokken. Her skal fleire nye oljeplattformar verta bygd.

Foto: Aker Solutions
Johan Castberg

Denne veka var det markering, på dokken, for produksjonsskipet Johan Castberg.

Johan Castberg

Fleire tusen personar har vore involvert i bygginga av skipet. Her står dei i matkø.

Johan Castberg

3.500 hamburgarar gjekk med då alle dei tilsette på golvet fekk lunsj i samband med markeringa av Johan Castberg.

Trygve Slagsvold Vedum, Stord.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum meiner skipet vil sikra framtida i fleire generasjonar.

Avviser gunstig skattepakke

Mange av milliardane konsernet vil tena kjem frå prosjekt som fekk klarsignal etter oljeskattepakken i 2020.

Men denne veka kom ein rapport som kalla pakken «gigantisk sløseri.»

Kritikken prella av på finansministeren under vestlandsbesøket.

– Det har vore kritikk av skattepakken, men i botn så skapar det heilt enorme verdiar. Våren 2020 ynskte me å sikra norsk olje- og gassindustri, og verftsindustrien. Dette er ein superlønsam næring, som skapar verdiar for deg og meg, meinte Vedum.

Johan Castberg

Berre detaljar står att før skipet kan kasta loss og ta sine første prøveturar på sjøen.

Foto: Olav Røli / NRK

Vil sleppa ut store mengder CO₂

I fjor haust leverte Klimautvalet sitt arbeid. Råda frå utvalet var klare:

Noreg må nærmast kutta alle sine utslepp i løpet av 27 år.

Det betyr stopp i all oljeleiting.

– Me klarar ikkje å oppnå Parisavtalen om alle drivverdige og lønsame funn globalt vert produsert, seier Borgar Aamaas, seniorforskar i Cicero, senter for klimaforsking.

Berre utsleppa frå forbrenninga som av olja som vert henta opp av Johan Castberg svarar til 4–5 år med norske klimagassutslepp.

Så kjem det utslepp frå sjølve produksjonen.

– Eit kjapt overslag seier at utsleppa frå produksjonen er på cirka 10 millionar tonn CO₂. Totalt slepp Noreg ut 49 tonn CO₂-ekvivalentar per år, forklarar Aamaas.

Johan Castberg

Skipet er over 300 meter langt, og skal ha plass til over 100 personar. I løpet av året skal det vera i drift.

Foto: Olav Røli / NRK

Flyttar berre pengar

Professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Stavanger, Ola Kvaløy, minner om at pengane frå det svære skipet berre vil gjera oljefondet litt større.

– Men så er det berre avkastinga av oljefondet, altså 3 prosent, som igjen blir slusa inn i økonomien, seier han, og legg til:

– Det er ikkje pengar me manglar i Noreg, men arbeidskraft.

Trass i at han er klar på at pengane frå oljefelta har verdi for Noreg, meiner han betydninga av olje av og til vert overdrive.

– Dei har velferdsstatar i Danmark og Sverige også, sjølv om dei ikkje har olje, seier han.

Klaus Mohn, professor i økonomi, meiner ein her berre flyttar formue frå havbotn og til oljefondet.

– Det er det same som å selja barndomsheimen din. Du flyttar pengar frå ein del til ein annan. Det er avkastninga av oljefondet me må leva av når inntektene frå oljeindustrien tek slutt, seier han.

Både Kvaløy og Mohn var medlemmar i klimautvalet.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post. 

Publisert 10.05.2024, kl. 15.53

Read Entire Article