Historisk bragd sekunder før slutt: – Eit absurd scenario

1 week ago 17



Leverkusens rekordjag låg an til å få ein brutal stopp.

Laget som ikkje har tapt ein einaste kamp sidan sesongstart, kunne bli tidenes første europeiske lag med 49 strake kampar utan tap i europeisk klubbfotball.

Men Roma scora to gangar i Europaligaes semifinale, og då var Leverkusen ille ute med tanke på rekorden.

På 2-0 til Roma såg Leverkusen ut til å gå mot sitt første tap på lang tid.

– Eit under

Likevel tok Leverkusen seg tilbake på heilt utruleg vis, og berga 2-2 aller siste liten.

Først snudde dei med eit absurd sjølvmål frå Romas Gianluca Mancini, som heada inn 2-1 i eige nett.

Så kom 2-2-målet frå Josip Stanisic seks minutt på overtid. Då blei det kaos-feiring blant Leverkusen-spelarane.

bayer leverkusen

REKORD-HELT: Josip Stanisic scora seks minutt på overtid og sikra ein vanvittig rekord for Leverkusen i Europa.

Foto: INA FASSBENDER / AFP

Då Leverkunsen låg under 2-1 var dei allereie klare for Europaliga-finale, men likevel kasta dei spelarar framover i banen i jakt på den utrulege rekorden.

– Det er eit absurd scenario, sa Viaplay-kommentator Eivind Bisgaard Sundet om laget som var klare for finale, men som likevel la press på motstandar Roma.

– Vi ville ikkje senke tempoet i kampen. Vi ville forbli ubesigra, seier Leverkusen-spelar Granit Xhaka i eit intervju vist på Viaplay etter kampen.

Då rekorden var sikra trudde ikkje kommentator Sundet nesten ikkje det han såg

– Det er tidenes flytsone for Leverkusen. Det går ikkje an å gjøre feil. Det er eit under - igjen. For hundrede gang kjem dei tilbake denne sesongen, sa Bisgaard Sundet.

Nesten eitt år utan tap

Trenar Xabi Alonso har no leia Leverkusen i 348 dagar utan tap. Laget har 40 sigrar og 9 uavgjort i ein sesong der dei allereie har vunne Bundesliga mot alle odds.

Då Alonso tok over Leverkusen for nesten to år sidan var dei på nedrykksplass i Bundesliga, no kan dei vinne alle turneringar dei deltar i denne sesongen.

Leverkusen er klare for Europaliga-finale etter 4-2 samanlagt mot Roma.

– Det er verkeleg eit eventyr. Nokre ting er bare skjebnen. Eg trur det står skrive i stjernene at dette Leverkusen-laget skal vere ubesigra, seier tidlegare England-stjerne Owen Hargreaves.

No ventar italienske Atalanta i Europaliga-finalen.

– Vi har mykje respekt for Atalanta, men mest av alt er vi glade for å vere i finalen, seier Xhaka.

Publisert 09.05.2024, kl. 23.01 Oppdatert 09.05.2024, kl. 23.29

Read Entire Article