I dag kjem det nye utbyggingskartet – her er kva du kan vente deg

1 week ago 17



Så langt har det berre vore mogleg å få ei oversikt over dei norske utbyggingsplanane som er omfatta av plan- og bygningslova.

For å få ei fullstendig oversikt over dei faktiske utbyggingsplanane har Miljødirektoratet laga ei ny kartløysing som omfattar alle lovverk.

Den nye oversikta inkluderer difor fleire av tiltaka som elles «forsvinn» frå den norske naturrekneskapen, det vere seg vindkraftanlegg, kraftlinjer, solkraftområde og skogsbilvegar.

Kartløysinga vert publisert i ein søkbar utgåve i løpet av dagen, men NRK har alt fått ein sniktitt.

I alt viser kartet at utbyggingsplanane summerer seg til nesten 4000 kvadratkilometer.

  • Det svarer til arealet av Noregs 100 største innsjøar
  • Eller med eit anna bilde: Ei gjennomsnittleg bustadtomt (700 m²) per person
  • Hytter står for éin firedel av den planlagde nedbygginga

Det er planlagt for mykje utbygging

Tala er tydelege. Det er planlagt for mykje utbygging, seier klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

NRK har tidlegare dokumentert at det har blitt gjort 44.000 inngrep i norsk natur dei siste fem åra.

Statsråden varslar ingen «krig» mot hytteutbygginga, men er klar på at «bit-for-bit-nedbygginga» av den norske naturen ikkje kan fortsette.

Hytter både kan og bør vi prioritere ned for å redusere den totale belastninga, seier han.

I staden vil klimaministeren slå eit slag for meir kraftutbygging:

– Er det éin type arealbruksendring vi skal prioritere framfor andre, så er det utbygging av fornybar energi.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

– Innanfor desse nye tala er det mykje nedbygging som kan droppast eller flyttast for å spare naturen og gjere plass til utbygging av meir fornybar energi, seier klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Foto: Javad Parsa / NTB

Regjeringa har tidlegare varsla eit naturrekneskap og ein handlingsplan for natur.

Den nye handlingsplanen skal komme til hausten, og vil vise Noregs oppfølging av naturavtalen som blei underteikna i Montreal i 2022.

Eit tankekors at vi set av meir plass til hytter enn til kraftformål

Miljødirektoratet presiserer at tala «gir eit augeblinksbilde» og at det ikkje er gitt at alle planar blir gjennomførte eller at alle søknader blir innvilga.

– For eksempel er det forventa fleire vindkraftverk framover, men vi ser også at fleire kommunar ser på gamle utbyggingsplanar med nye briller, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

I mars meldte NRK at Kommune-Noreg «skjerpar innsatsen mot naturtap».

Bakgrunnen var at rekordmange kommunar (83) søkte om pengar for å «vaske» gamle arealplanar.

Sokkeldirektoratet fekk sist veke kritikk for å skjene inn på politikken sitt domene da dei uttalte seg om framtidig oljeutvinning.

Miljødirektøren tar derfor ingen sjansar:

Nå skal eg vere varsam med kva eg seier, men for meg er det eit tankekors at vi set av meir plass til hytter enn til kraftformål, seier ho.

Ho viser til Energikommisjonen, som har fastslått at Noreg treng ytterlegare 40 terawattimar til det grøne skiftet.

Om ikkje kan klimaforpliktingane ryke, seier Hambro:

Viss Noreg skal lykkast med å kutte klimagassutsleppa, er nok fornybar kraft heilt essensielt.

Miljødirektoratet vil i løpet av dagen publisere ei kartløysing der du kan gå inn og sjå kva som er planlagd utbygd i «ditt» område.

Tapt natur mens du har lest denne saken:

Publisert 06.05.2024, kl. 05.44

Read Entire Article