Kjernekraft for første gong meir populært enn vasskraft

1 week ago 12



For første gong er det fleire nordmenn som vil satse på kjernekraft (29 prosent) enn på vasskraft (25 prosent).

Det kjem fram i den nye samfunnsundersøkinga til Ipsos' Norsk Monitor.

Til samanlikning var det berre 2 prosent som var positive til kjernekraft i 2017.

Sju år seinare viser Ipsos' undersøking at kjernekraft-alternativet har gått frå tabu til å bli den mest populære energikjelda.

Til glede for nokon, og irritasjon for andre.

Kraftbransjen har tapt kampen om befolkninga når fleire nå støttar utbygging av atomkraft enn vasskraft, sa Aneo-sjef Gunnar Hovland under Fornybar Noreg-konferansen i Oslo denne veka.

Ifylgje referatet i Montelnews la han til:

– Vi har jo faktisk tapt kampen om befolkninga. Ikkje den tause majoriteten, men den ganske aggressive minoriteten har lykkast. Det er heilt utruleg, og ganske vilt.

Gunnar Hovland

– Kraftbransjen har tapt kampen om befolkninga når fleire nå støttar utbygging av atomkraft enn vasskraft, seier Aneo-sjef Gunnar Hovland.

Foto: Aneo

– Aldri hyggeleg å måtte korrigere ein medarbeidar

Søndag fortalde NRK at Fornybar Noreg sende ut eit «dementi» etter at ein av deira tilsette kom med kjernekraft-utsegner som skapte overskrifter.

– Det er aldri hyggeleg å måtte korrigere ein medarbeidar i full offentlegheit. Men i dette tilfellet såg vi ingen annan utveg, sa kommunikasjonsdirektør i Fornybar Noreg, Aslak Øverås.

NRK er kjent med at det er ulike meiningar internt i organisasjonen om kor klokt og nødvendig det var med ei offentleg irettesetting.

I sosiale medium har fleire gjort eit poeng av «Streisand-effekten», som handlar om at informasjon som blir freista gøymd eller tilbakekalla har ein tendens til å spreie seg enda raskare og meir ukontrollert.

Hovudpersonen sjølv, direktør Eivind Heløe, har understreka at han uttalte seg hypotetisk og analytisk om moglegheita for å «erstatte nokre vindkraftverk med kjernekraft i 2045», og at uttalen ikkje var uttrykk for eit personleg ønske eller ei oppfordring.

Åslaug Haga, leder Fornybar Norge

– Å kaste blår i auga på folk ved å gi inntrykk av at dette er noko som kjem raskt, det blir feil, seier fornybar-sjef Åslaug Haga.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Å kaste blår i auga på folk er feil

Onsdag var likevel fornybar-sjef Åslaug Haga klar på at irettesettinga var nødvendig.

Til Teknisk Ukeblad forklarte ho at overskrifta om at kjernekraft kan erstatte landvind lét etter seg «eit feilaktig inntrykk» som «føyk rundt på sosiale medium» og var «problematisk» for organisasjonen.

Å kaste blår i auga på folk ved å gi inntrykk av at dette er noko som kjem raskt, det blir feil. At ein skal gi inntrykk av at det er kjernekraft som vil gjere vindkraft unødvendig framover, blir også feil, la ho til.

Kuriøst nok la ho også til at «kjernekraft i beste fall er noko ein kan ha oppe og stå i 2040».

Ola Borten Moe på Debatten 15.02.24

Noreg bør bidra til rask utbygging av kjernekraftverk, men de kan godt ligge i Sverige, seier Ola Borten Moe.

Foto: Amanda Iversen Orlich

Dei brenner ein tilsett på bålet

På Stortinget har den uvanlege konstellasjonen KrF og Frp vore dei ivrigaste kjernekrafttilhengarane.

I april fremja KrF eit representantforslag om å sette ned eit utval som kan førebu kjernekraft på norsk jord.

Til liks med Ola Borten Moe har partiet også tatt initiativ til felles kjernekraft-satsing på tvers av dei nordiske grensene.

Stortingsrepresentant for Frp, Marius Arion Nilsen, seier til NRK at alle som vil energipolitikken vel må dyrke ein samtale om kraftutfordringane som er «nysgjerrig, perspektivrik og faktaorientert».

Der feilar Fornybar Noreg grovt når dei brenner ein tilsett på bålet for blasfemiske tankar om at kjernekraft kanskje kan erstatte vindkraftverk om 20–25 år, seier han.

Jonny Hesthammer er leiar i Norsk Kjernekraft AS, som ved siste oppteljing er kontakta av 42 kommunar som vil vite meir om korleis kjernekraft kan vere eit alternativ for dei.

Snakk om gladnyheit, seier han om den nye samfunnsundersøkinga til Ipsos.

Han legg til:

Kanskje eit lite hint til politikarar som bryr seg om kva veljarane meiner?

Publisert 08.05.2024, kl. 15.39

Read Entire Article