Koreansk kompetanse kan gi første kjernekraftverk på norsk jord

3 weeks ago 24



Onsdag møtte representanter frå Norsk Kjernekraft AS opp på Mongstad i Nordhordland. Med seg hadde dei hovudinvestor Trond Mohn. Ein av Noregs rikaste menn.

Draumane er store.

Selskapet ønsker eit kjernekraftverk på norsk jord innan 2035.

Men kjernekraft er omstridd i Noreg. Det er ikkje fleirtal verken blant folket eller på Stortinget.

No er draumane eit steg nærmare.

Jonny Hesthammer og Dmitry Ny Baek signerte avtalen i dag

STOR AVTALE: DL Energy og Norsk kjernekraft AS signerte ein viktig avtale onsdag. Frå venstre: Dmitry Ny Baek, leiar for energiutvikling i DL Energy, og Jonny Hesthammer, administrerande direktør i Norsk Kjernekraft AS.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vil verte Noregs første kommune med kjernekraftverk

Norsk Kjernekraft AS hadde med seg den sørkoreanske energigiganten DL Energy til Mongstad.

Onsdag signerte dei to selskapa signerte ein avtale med Austrheim kommune. Dei skal greie ut eit område for eit kjernekraftverk.

Området er på storleik med ein fotballstadion.

Det ligg ikkje langt frå Mongstad-raffineriet, som er Noregs største enkeltpunkt for klimagassutslipp.

Dette er starten som kan gjere kommunen til Noregs første med kjernekraftverk.

Me må tenke framover. Energibehovet i Noreg berre aukar på. Atomkraftverk, små modulære kjernekraftverk som det er snakk om her, er nok noko av den reinaste energien ein kan få. Skal me inn i det grøne skiftet, så tenker eg dette er rett veg å gå, seier ordførar i Austrheim kommune, Morten Sognnes.

Ordfører i Austrheim kommune, Morten Sognnes.

Morten Sognnes seier at dei bygger for framtida, og ønsker å få dei unge med på utviklinga av kjernekraft.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Trur skepsisen vil forsvinne

Avtalen omfattar også ein moglegheit for utbygging andre stader i Noreg.

Trond Mohn er den største medeigaren i Norsk Kjernekraft AS. Han meiner dette er ei god byrjing, og at kjernekraft er den rette forma for energi for å hjelpe mot klimaproblematikken.

At folk er skeptiske til det nye er ein del av livet, men med litt meir kunnskap, trur eg skepsisen forsvinn, seier han.

Sognnes fortel at dei har fått svært få negative tilbakemeldingar på folkemøta de har hatt så langt.

– Det har vore ein del som har vore skeptiske, men med ein gong ein spør om kvifor dei er skeptiske, så veit dei ikkje kvifor, seier han.

Viss selskapet får det som dei vil, kan kjernekraftverket byrja å levere straum allereie i 2035. Byggestart kan tidlegast skje i 2030.

Det er langt fram i tid før vi klarer å etablere noko kjernekraftverk her. Men vi kan ikkje sitte å vente. Vi er nøydd til å starte den prosessen no. Det er ikkje sikkert at eg får oppleva at det blir bygd noko, men dei snakkar om minst ti år fram i tid før det kan vera etablert, seier han.

Trond Mohn

Trond Mohn meiner vi ikkje kan vera alt for tolmodige i vente på kjernekraftverk.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Koreansk kompetanse på kjernekraft

Eigarkonsernet til DL Energy, DL Group, har totalt bygd kjernekraftverk med ein årleg kraftproduksjon på 83 terrawattimer (TWh). Det svarar til meir enn halve Noregs totale kraftproduksjon.

Konsernet har også bygd kraftverk for andre energiformer, inkludert kolkraftverk, varmekraftverk og fornybare kraftverk i syv ulike land.

Ifølge avtalen skal DL Energy ​​​​​​sjølv betale for forstudien om å bygge kjernekraftverk på Mongstad.

– Noreg er best i verda på engineering. Sør-Korea er best på bygging av kjernekraftverk. Det å få dei på lag i Noreg, kan gjere byggeprosessen langt meir effektiv, meiner administrerande direktør Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft AS.

Han seier avtalen er første steg i arbeidet med å vurdere ein konkret lokasjon i Austrheim og kanskje Alver kommune, i tilknyting til Mongstad industriområde.

Prosjektet ble presentert på Mongstad i dag

Jonny Hesthammer, administrerande direktør i Norsk Kjernekraft AS, presenterte i dag planane.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det at sørkoreanarane finn Noreg interessant for investering i kjernekraft er jo utruleg interessant. Det må også norske politikarar ta inn over seg, meiner Hesthammer.

Han meiner at Norsk Kjernekraftverk AS og DL Energy no legg den første grunnsteinen til det som skal bli eit framtidig industrieventyr.

Motstand og skepsis på venstresida: – Hol i hovudet

Men politisk er det mildt sagt langt fram før Stortinget eventuelt seier ja til å bygge kjernekraftverk her i landet.

Hovudargumentet mot kjernekraft er problematikken med radioaktivt avfall. Dessutan er det lite kunnskap om kjernekraft i Noreg, og mangel på personar med kompetanse.

Raudt er blant motstandarane av norske kjernekraftverk.

– Det er hol i hovudet å seie ja til noko vi ikkje har nok kunnskap om eller veit konsekvensane av. Her kunne godt nasjonale styresmakter vore enda betre på å fremje forsking og kunnskap om kjernekraft, seier energipolitisk talsperson i Raudt, Sofie Marhaug.

Arbeidarpartiet har på si side ingen prinsipiell motstand mot kjernekraft, men meiner det er dyrt.

Det er fullt lovleg å bygge kjernekraft i Noreg i dag. Dersom eit selskap leverer inn søknad på eit prosjekt, vil dei få ein seriøs behandling av den søknaden. Men kjernekraft er veldig dyrt. Det er ikkje lønnsamt. Og det er ikkje noko poeng for Noreg å bruke store subsidiar på å bygge det ut, seier Stein Erik Lauvås.

Han sit i energi- og miljøkomiteen for Ap.

Hele gjengen er stilt opp

Ein veldig fornøgd gjeng stilte seg opp i sola på Mongstad.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Iver og entusiasme på høgresida

Venstre, Kristeleg Folkeparti (KrF) og Framstegspartiet (Frp) er alle for kjernekraft.

KrF hevdar sjølv å vere det partiet i Noreg som tydelegast går inn for kjernekraft. Dei fremja nyleg eit representantforslag om kjernekraft i Noreg, som i desse dagar blir behandla i energi- og miljøkomiteen.

Dei trekker fram at samanlikna med andre utsleppsfrie energikjelder som sol- og vindkraft, krev kjernekraftanlegg relativt lite landsareal for å generere store mengder elektrisitet.

Kraftverka kan dessutan plasserast på allereie utvikla eller eksisterande industrielle område. Dette reduserer behovet for nedbygging av natur, meiner KrF.

– Kva meiner KrF om arbeidet og planane til Norsk Kjernekraft AS, og dei politiske vedtaka i ulike kommunar om å stille tomt til disposisjon?

– Dette er svært interessant. Her ligg kommunane framfor regjeringa. Nå har KrF fremje eit forslag som kjem kommunane i møte her, så nå bør regjeringa lytte til sine eigne ordførarar, meiner energipolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad.

Publisert 25.04.2024, kl. 14.55

Read Entire Article