Krev endring i kritisk brev til FIS: – Destruktive og ikkje så veldig framoverlente

1 week ago 18



– Eg opplever i botn og grunn at dei som sit og bestemmer i FIS er litt destruktive og ikkje så veldig framoverlente. Der har vi utøvarane ei viktig oppgåve å seie frå om kva vi ønsker. Og pushe litt på det, seier Silje Opseth til NRK.

Opseth var ein av i alt 27 utøvarar frå verdscupsirkuset på damesida som sende eit brev til FIS, i samband med vårmøtet til organisasjonen i Praha.

I brevet la utøvarane fram tankar om utviklinga av kvinnehopp for framtida.

Silje Opseth

Silje Opseth er ein av fleire som har tatt til ordet for lik rennkalender for både kvinner og menn.

Foto: Geir Olsen / NTB

Heilt konkret har dei bede og argumentert for at dei skal ha lik konkurransekalender som herrane. Dei ønsker seg fleire renn generelt, også i storbakke.

– Ei utfordring på å sjå om dei kan tore å investere meir i oss. Fordi vi trur vi har eit stort potensial til å levere noko som er enda meir spektakulært og morosamt å følge med på, enn det det er i dag, seier Opseth.

Tar grep

Renndirektør i FIS, Sandro Pertile, fortel til NRK at det på FIS' komitemøte onsdag blei bestemt at dei kvinnelege hopparane skal ha lik rennkalender som mennene i framtida.

Dette betyr at hopp beveger seg i lik retning som både skiskyting og langrenn, der kvinner og menn har same rennkalender, konkurrerer på same stad og til same tidspunkt.

Men dette vil likevel ta tid, påpeikar Pertile.

Sandro Pertile

Sandro Pertile, Renndirektør i FIS.

Foto: Geir Olsen / Geir Olsen

– Dette skjer ikkje over natta. Det må vere klart. Det vil vere eit steg å starte nå, men vi forventar ikkje endringar neste sesong, fordi sesongen er allereie i gang, seier renndirektøren til NRK.

Endringane vil først skje i 2025/2026 med målsetting om heilt parallell kalender frå 2026/2027, understrekar han.

– Var brevet frå dei kvinnelege hopparane med på å avgjere dette?

– Det var eitt av elementa, men ikkje det avgjerande elementet. Det er ei gruppe med utøvarar som har spurt om noko, men dette brevet var ikkje signert av utøvarrepresentanten for dei kvinnelege skihopparane, seier han vidare.

– Skaper kaos

Opseth er einig i at utøvarane skulle tatt brevet med utøvarrepresentanten, men at initiativet frå deira side har resultert i at utøvarrepresentanten har skjerpa jobben sin. Noko som er positivt, meiner ho.

– Så i framtida blir det nok ikkje meir brevskriving, men at vi jobbar meir direkte gjennom utøvarrepresentanten vår.

FIS-reaksjonane på brevet har likevel vore delte. Nokon har vore positive, andre ikkje, ifølge Opseth.

– Og så er det andre som meiner at utøvarane ikkje burde seie nokon ting og at vi ikkje skjønner korleis systemet i FIS fungerer og at vi eigentleg berre skaper kaos ved å dele noko sånt, seier Opseth.

Korleis opplever du det at de som utøvarar ikkje skal få lov til å seie noko?

– Eg synest det er veldig kjipt å høyre. Skiforbundet i Noreg er til for at vi er idrettsutøvarar som satsar på idretten vår og FIS er til fordi dei har utøvarar som satsar på idretten sin. Og viss utøvarane ikkje skal bli lytta til, kvifor er dei der då? Det er mi meining om det. Samtidig så skjønner eg at ting i det systemet der må takast på ein veldig formell måte, seier ho.

Forstår utøvarane

Chika Yoshida, FIS-renndirektør for kvinnehopp, forstår at dei noverande utøvarane er utålmodige og at dei vil sjå endringar raskt.

Renndirektør Chika Yoshida

Chika Yoshida, FIS-renndirektør for kvinnehopp.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Eg forstår kva dei kjenner, elles vil dei miste sjansen sin. Men eg håpar at dei forstår. Det kan ikkje endre seg så fort. For eksempel må det austerrikske Skiforbundet få bakkane sine klare til både kvinner og menn. Og viss dei ikkje kan gjere dette raskt, så kan ikkje eg endre noko raskt heller, seier ho til NRK.

Dermed er det meste opp til forbunda som investerer pengane sine i anlegg osv., som i hovudsak bestemmer.

Samtidig oppfordrar Yoshida utøvarane sterkt til å heve stemma.

– Eg håpar utøvarane forstår at vi vil at dei skal snakke. Dei er hovudpersonane.

Publisert 10.05.2024, kl. 07.18

Read Entire Article