Leiteaksjon etter ein sakna fiskar utanfor Molde

1 month ago 36



Ein mann er sakna etter at han ikkje har kome heim frå fisketur. Han skal ha reist ut på tur tysdag morgon, og sidan har ingen sett han.

– Det var dei pårørande som varsla, dei var urolege når han ikkje hadde dukka opp, seier Arild Reite i politiet.

Området dei leiter i er rundt øya Sekken i Molde. Den sakna skal vere ein eldre mann, og han skal ha reist aleine på tur.

Hovudredningssentralen har sett inn alle ressursar inn i søket. Både i lufta og til havs.

Luftambulanse er allereie på plass, i tillegg til ein ambulansebåt, redningsskøyta og kystvakta. Det er også sett inn ein del lokale båtar i søket.

Publisert 26.03.2024, kl. 16.56 Oppdatert 26.03.2024, kl. 17.29

Read Entire Article