Medium: Israel evakuerer sivile frå Rafah

1 week ago 13



Israel har byrja evakueringa av sivile i Rafah. Det melder israelsk radio, ifølge nyheitsbyrået Reuters.

Israelske styresmakter har lenge sagt at dei planlegg ein invasjon av Rafah, ein by som ligg sør på Gazastripa, på grensa mot Egypt.

Omtrent 1,3 millionar innbyggarar har flykta til Rafah, som Israel no truar med å invadere.

Den israelske hæren har ikkje stadfesta at dei er i gang med evakueringa, men Israels forsvarsminister Yoav Gallant hinta søndag til at ein planlagt militæroperasjon i Rafah ville byrje innan kort tid.

Minst to familiar drepne i Rafah

Ifølge nyheitsbyrået AFP har det natt til måndag vore to israelske luftangrep mot to ulike stadar i byen Rafah.

Minst 16 palestinarar skal vere drepne i angrepa. Det melder AFP, som siterer dei palestinske helsemyndigheitene i Gaza.

Det er ifølge helsemyndigheitene snakk om sju drepne personar frå ein familie, og ni personar frå ein annan familie.

Ifølge Reuters skal ein baby vere blant dei drepne.

Opplysningane er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Tre israleske soldatar drepne i rakettangrep

Meldingane om angrepa kjem berre timar etter at tre israelske soldatar vart drepne i eit Hamas-angrep ved grenseovergangen Kerem Shalom mellom Israel og Gazastripa. Ifølge den israelske hæren vart ti rakettdrivne granatar sende inn mot grenseovergangen.

I tillegg til dei tre drepne, vart ni andre soldatar såra i angrepet med rakettdrivne granatar, som ramma både militær og sivil infrastruktur, opplyser hæren til avisa Haaretz.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 5.5.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Har stengt viktig passasje for naudhjelp

Kerehm Shalom ligg mellom Israel, Gazastripa og Egypt. Grenseovergangen speler ei viktig rolle for å få naudhjelp inn til Gaza, der millionar av palestinarar svelt etter sju månadar med krig.

Etter angrepet, som Hamas' væpna fløy har tatt på seg ansvaret for, stengde den israelske hæren IDF grenseovergangen for lastebilar med naudhjelp.

Hæren øydela også oppskytingsrampene som vart brukte i angrepet.

Evakuerer sivile frå Rafah

Over 1 million fordrivne palestinarar oppheld seg i Rafah, ifølge FN.

Palestinere søker etter ofre i ruinene til et hus som ble ødelagt i et israelsk angrep i sentrum av Rafah på den sørlige Gazastripen 5. mai 2024

Palestinere søker etter offer i ruinane til eit hus som blei øydelagt i eit israelsk angrep i sentrum av Rafah på den sørlege Gazastripa 5. mai 2024.

Foto: NTB / AFP

Dei siste dagane har det gått føre seg forhandlingar om våpenkvile, som Hamas seier no er avslutta, melder nyheitsbyrået AP.

Nektar UNRWA-sjef tilgang til Gazastripa

– Israelske myndigheiter fortset å nekte FN humanitær tilgang, seier sjefen for FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA), Philippe Lazzarini, i ei fråsegn.

Sist Israel nekta å la han sleppe inn i Gaza, var i mars. Då reagerte USA med å be Israel gjere om avgjerda. UNRWA har 13.000 tilsette på den krigsherja Gazastripa, der innbyggarane ifølge FN er trua av hungersnød.

– Denne veka nekta dei meg – for andre gong – tilgang til Gaza. Etter planen skulle eg vere saman med UNRWA-kollegaene våre, inkludert dei som står i frontlinja, skriv Lazzarini.

FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktninger (UNRWA) ledes av Philippe Lazzarini. Organisasjonen har 13.000 ansatte på den krigsherjede Gazastripen, der innbyggerne ifølge FN trues av hungersnød

FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) blir leidd av Philippe Lazzarini. Organisasjonen har 13.000 tilsette på den krigsherja Gazastripa, der innbyggarane ifølge FN er trua av hungersnød

Foto: AP

Samtalar

Natt til måndag diskuterte USAs forsvarsminister Lloyd J. Austin og Israels forsvarsminister Yoav Galland gisselforhandlingane, den humanitære hjelpa og Rafah.
Austin skal ha uttrykt si medkjensle etter meldingane om at tre israelske soldatar blei drepne i Hamas-rakettangrep.

Austin gjentok også USAs forplikting til å støtte Israels forsvar, skriv forsvarsdepartementet i USA i ei pressemelding.

Publisert 06.05.2024, kl. 06.41 Oppdatert 06.05.2024, kl. 06.56

Read Entire Article