No kan du seie kva du syns om forslaga til dei nye kosthaldsråda

1 month ago 41



No kan du seie di meining om dei nye kosthaldsråda frå styresmaktene.

Helsedirektoratet har no lagt ut forslaga sine til råd om kva mat folk i Noreg bør eta på høyring. Det vil seie at folk kan komma med innspel dei neste åtte vekene.

Dei vil mellom anna vita om folk forstår kva råda faktisk betyr, og korleis ein kan følga dei.

Dette er forslaga til dei nye råda:

  • Ha eit variert kosthald, men et mest frå planterike
  • Et mykje frukt og grønt
  • Et fullkorn fleire gonger kvar dag
  • Et mindre kjøtt, og heller meir fisk, sjømat, bønner og linser
  • Et og drikk meieriprodukt kvar dag, men vel variantar med mindre feitt
  • Ikkje et for mykje salt, sukker eller metta feitt

Men styresmaktene framhev òg ein annan ting:

– Et med glede og sett av tid til måltidet, skriv Helsedirektoratet.

Frå tolv til seks råd

Den største endringa er kanskje at styresmaktene går ned frå tolv kosthaldsråd til seks.

Tanken er at dette skal gjere det enklare for folk å forstå hovudtrekka i råda, i staden for å tenka på detaljar om kva mengde ein bør få i seg av kva mat.

– Forhåpentlegvis vil det òg verte enklare å huska råda når ein handlar, lagar mat eller skal gjere raske vurderingar av kva som er gode helseval, skriv Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Føreslår klimavennlege val

Fleire av punkta legg vekt på kva mat som er meir klimavennleg.

Mellom anna tilrår Helsedirektoratet å eta grønsaker, frukt, bær og potetar om ein vil eta klimavennleg.

Ikkje minst tilrår dei å eta protein frå planter, som til dømes erter, bønner, linser, nøtter og frø.

Oppdaterte råd

Dette er fyrste gang kosthaldsråda vert oppdaterte sidan det kom nordiske kosthaldsråd i juni 2023.

Òg desse råda la stor vekt på å ete klimavennleg.

– Det kosthaldet som er langt betre for helsa vår, er òg det som er langt betre for planeten. I det store og det heile er det veldig små motsetningar, sa ernæringsforskar Rune Blomhoff til NRK då.

Anbefalingane i dei nye norske råda er baserte på dei nordiske råda.

Publisert 22.03.2024, kl. 10.00 Oppdatert 22.03.2024, kl. 10.37

Read Entire Article