Oppvask etter sjokk-uttale om kjernekraft

1 week ago 17



NHO-foreininga Fornybar Norge iretteset ein av sine eigne direktørar for å ha fremja positive og kjetterske synspunkt om kjernekraft.

I eit dementi (sjå under) som er sendt til fleire redaksjonar skriv bransjeorganisasjonen at direktør Eivind Heløe har handla på tvers av deira offisielle lære.

Blant solo-utspela som har skapt overskrifter og vore til sjenanse for organisasjonen er påstanden om at enkelte vindkraftverk kan erstattast med kjernekraft i 2045.

Det er aldri hyggeleg å måtte korrigere ein medarbeidar i full offentlegheit. Men i dette tilfellet såg vi ingen annan utveg, seier kommunikasjonsdirektør i Fornybar Norge, Aslak Øverås.

NRK har vore i kontakt med Heløe som ikkje ønsker å kommentere irettesettinga.

Før «korrigeringa» sa han til NRK at han har lagt vinn på å vere forsiktig og presis når han uttaler seg om kjernekraft

Eg har difor uttrykt tvil om det er formålstenleg å lokalisere dette (kjernekraft) i Noreg, seier han.

Sjå heile svaret til Heløe i botn av saka.

Fornybar Norge var i fjor haust blant oppdragsgivarane til den mykje omtalte Rystad-rapporten, som konkluderte med at kjernekraft er dyrare og lengre unna enn det entusiastane vil ha det til.

I tillegg til å demonstrere kor delikat kjernekraft-debatten er, har oppvasken i fornybarnæringa skapt debatt om forholdet mellom ytringsfridom og lojalitetsplikta:

Kor mykje høgttenking og meiningsbryting kan ein tilsett (med leiaransvar) drive med før det slår tilbake på arbeidsgivaren?

Aslak Øverås, Fornybar Norge

– Alle tilsette står sjølvsagt fritt til å meine og seie kva dei vil som privatpersonar. Men når dei opptrer på vegner av oss som interesseorganisasjon, må dei forhalde seg til synspunkt som er forankra hos medlemmene våre, seier Aslak Øverås.

Foto: Fornybar Norge

Lite fornuftig å irettesette ein leiar i full offentlegheit

Jonny Hesthammer i Norsk kjernekraft meiner direktøren blei «kasta under bussen».

Det er både overraskande og leitt at Fornybar Norge har behov for å irettesette ein av sine eigne. Medarbeidaren var berre konstruktiv, og det å avgrense ytringsfridommen er sjeldan ein god ting.

Norsk kjernekraft prøvde – utan hell – å bli medlem i fornybar-familien i fjor. Avslaget blei grunngitt med at kjernekraft ikkje er definert som ei fornybar energikjelde.

Ekspert i arbeidsrett, Birthe Maria Eriksen, meiner direktøren ikkje var meir udisiplinert enn at arbeidsgivar burde sett gjennom fingrane.

Den aktuelle ytringa burde ligge innanfor det som det bør vere tilgang til å ytre i ein fagleg debatt, seier ho.

Arbeidsrettsjurist Knut-Marius Sture ser ein tendens til at kravet om å slutte rekker hemmar det frie ordskiftet.

Bevegar vi oss i gal retning når det gjeld ytringsfridom i tilsettingsforhold? Eg er tilbøyeleg til å svare ja.

Og kor klokt er det å irettesette ein leiar i full offentlegheit? Lite fornuftig, spør du meg.

Forståeleg at dei har behov for å klargjere

Dei fleste ekspertane som NRK har vore i kontakt med, er likevel samstemte: Fornybar Norge gjorde rett i å disiplinere medarbeidaren.

Grunngivinga er at interesseorganisasjonen ikkje er eit laboratorium for kontrære tankar – på same måte som eit universitet – og at privatpraktiserande meiningsberarar derfor har dårlegare vern.

Her har utsegnene til direktøren blitt referert som standpunktet til heile organisasjonen. Då er det forståeleg at dei har behov for å klargjere at dette er feil, seier spesialist på arbeidsrett, Mari Verling.

Sjå fleire reaksjonar under.

Thomas Benson, lektor ved Nord universitet

Petter Strøm

Thomas Benson, lektor ved Nord universitet

– Leiande og fortrudde arbeidstakarar må vere meir varsame med politiske ytringar som er i direkte strid med interessene for verksemda. Det vil for eksempel vere i strid med lojalitetsplikta til arbeidstakaren om ein leiar i eit ferjeselskap offentleg fremja det synet at norske myndigheiter i staden for å satse på sjøtransport, burde gi auka tilskot til landbasert transport.

Preben H. Mo partnar i Føyen advokatfirma

Preben H. Mo, partnar i Føyen advokatfirma

– Lojalitetsplikta til arbeidsgivar inneber ikkje at ytringsfridommen må vike. Arbeidstakarar må likevel utøve ytringsfridommen sin skjønnsamt i forhold til lojalitetsplikta. Og det lett å forstå at ein bransjeorganisasjon, som har ein klar profil og politikk, har behov for å komme på banen her.

Birthe M. Eriksen ekspert på arbeidsrett hos ADI advokatar

ADI

Birthe M. Eriksen, ekspert på arbeidsrett hos ADI advokatar

– Utgangspunktet er at ein tilsett har omtrent den same ytringsfridommen som arbeidstakar som vedkommande har som privatperson. Dersom ein har ei høg stilling, eksisterer det likevel ein fare for at ein kan bli assosiert med arbeidsgivaren sin. Ytringsfridommen er derfor generelt noko smalare når ein har ei så høg stilling som ein direktør.

KnutMarius Sture partnar i Arntzen de Besche advokatfirma

Arntzen de Besche

Knut-Marius Sture, partnar i Arntzen de Besche advokatfirma

– Kor mykje «høgttenking» er greitt? Det kjem i stor grad an på «settingen». Eg tenker at grensene er snevrare dersom du står på ein talarstol eller sit i eit intervju i kraft av stillinga di. NHOs forhandlingsdirektør kan for eksempel ikkje seie på TV framfor eit lønnsoppgjer at hen er ueinig i den strategien og dei måla NHO har sett seg for oppgjeret.

Merete Norheim Morken leiar av Arbeidslivsavdelingen i Delta

Delta

Merete Norheim Morken, leiar av Arbeidslivsavdelingen i Delta

– På generelt grunnlag er vi som fagforeining opptatte av at tilsette, inkludert leiarar, har høve til å ytre seg offentleg og løfte aktuelle problemstillingar på sitt fagfelt. Dette gjeld også ytringar som arbeidsgivar oppfattar som uønskte, uheldige eller ubehagelege, men samtidig skal ikkje ytringane skade arbeidsgivars interesser.

advokat Mari Verling

Espen Sturlason

Mari Verling, partnar i Kvale advokatfirma

– Ved avveginga mellom ytringsfridommen og lojalitetsplikta vil rolla til arbeidstakaren spele inn. Leiarar har ei noko strengare lojalitetsplikt enn meir underordna tilsette. Det skal likevel ein del til før eit sakleg innspel i ein offentleg debatt er illojal, så lenge ytringa er sett fram på arbeidstakars eigne vegner.

Mathias Meyer Klimavenner for Kjernekraft

Mathias Meyer, Klimavenner for Kjernekraft

- Det var nokre timar med glede før dementiet kom. Vi levde kortvarig i ei verkelegheit kor Fornybar Norge var open for å vurdere alle berekraftige energikjelder, og dessutan anerkjente verdien på natur, før dei svinga den interne «partipisken». Vi heiar på alle grøne bidrag, og håpar miljørørsla kan jobbe på lag, i staden for å prøve å spenne bein på initiativ for klima og natur.

Jonny Hesthammer administrerande direktør og styremedlem i Norsk kjernekraft AS.

Jonny Hesthammer, leiar i Norsk Kjernekraft AS

– Å dementere ein slik uttale er overraskande. Eg trur ikkje alle medlemsbedriftene i Fornybar Noreg synest dette er positivt for interesseorganisasjonen. Mange av medlemsbedriftene formålet sitt er å auke kraftproduksjonen. Det kan kjernekraft bidra med, noko som vil vere bra for industrien og framtidig økonomisk vekst i Noreg.

Johann Mulder professor ved Det juridiske fakultetet Institutt for privatrett

Det juridiske fakultetet

Johann Mulder, professor ved Det juridiske fakultetet, Institutt for privatrett

– Arbeidsmiljølova gir arbeidstakarar eit sterkt vern, men organisasjonen har i dette tilfellet rett til å gjere standpunkta sine klar for direktøren.

avdelingsdirektør og advokat Ingrid B. Tenfjord i KA.

Geir Anders Rybakken Orslien

Ingrid B. Tenfjord, direktør i arbeidsgivaravdelinga i KA

– Om arbeidstakar har brote si lojalitetsplikt, vil alltid vere ei konkret vurdering. Normalt blir det større krav stilt til tilsette i leiande stillingar, som også i større grad vil identifiserast med arbeidsgivar. I tilfelle der ein leiar uttaler seg slik at det kan skade arbeidsgivar på ein unødvendig måte, vil det kunne vere brot på lojalitetsplikta.

I den såkalla Nedkvitne-saka uttalte Høgsterett at ytringsfridommen «gir svært vide rammer for kva vitskaplege tilsette kan seie, sjølv om dette inneber å tale leiinga midt imot».

I fjor tok retten stilling til ei liknande problemstilling da dei konkluderte med at Rianne Vogels ikkje braut lojalitetsplikta til arbeidsgivaren da ho lufta politisk ukorrekte synspunkt innanfor den såkalla transdebatten.

Retten konkluderte med at «ytringane var problematiske for Papillon (namnet på arbeidsgivaren), men ikkje av ein slik karakter at det ikkje var rom for dialog omkring framtidig åtferd.»

Ytringsfridommen står sterkt i Noreg

Om forholdet mellom kjetteri og Den rette lære er krevjande innanfor fornybarnæringa, er talet på privatpraktiserande med avvikande overtydingar enda høgare i kyrkja.

Biskop Aurelius Augustin formulerte derfor ein leiingsfilosofi allereie på 400-talet: «Fastleik i det sentrale, fridom i det perifere».

Like fullt er disiplinærsaker ein gjengangar, også i Den norske kyrkja.

Ytringsfridommen står sterkt i Noreg, og gjeld i utgangspunktet også når dei personlege meiningane ikkje er i samsvar med det verksemda du jobbar i står for, seier direktør i Kyrkjas Arbeidsgivarorganisasjon (KA), Ingrid B. Tenfjord.

Ho legg til:

Likevel vil det gå ei grense for kva ein kan seie, for eksempel i tilfelle der ei ytring er illojal mot arbeidsgivar.

Fornybar Noreg avviser at direktøren har fått munnkorg eller på anna vis er kansellert.

Vi har mange leiarar og fagekspertar hos oss som jamleg uttaler seg i media. Slik skal det framleis vere, seier Øverås.

Vi ønsker at dei som kjenner sakskompleksa best får fronte dei. Det gjeld også Heløe.

Augustine of Hippo

Augustin (354–430) vert rekna som ein av dei viktigaste kyrkjefedrane, om ikkje den viktigaste. Om han kunne rettleia fornybarnæringa, er eit anna spørsmål.

Foto: Public domain

Publisert 05.05.2024, kl. 18.08

Read Entire Article