Etter fleire protestar den siste tida, har pro-palestinske demonstrantar sidan måndag kveld okkupert Hamilton Hall, eit bygg til Columbia universitet.
Ifølgje CNN har politiet arrestert nær 100 personar frå Columbia University og City College of New York.
Bilete frå CNN viser fleire demonstrantar med strips rundt handledda, som vert frakta bort frå staden.
Dei siste vekene har fleire enn 1000 demonstrantar vorte arresterte ved studiestader i Texas, Virginia, North Carolina, New Mexico, Connecticut, Louisiana, California og New Jersey.
Fleire stader har det vore valdelege samanstøyt mellom studentar og politi. Sidan 18. april har studentar blitt arrestert på meir enn 25 ulike universitet, over 21 delstatar, skriv CNN.
TV-bilete frå kanalen viste at politiet rykka inn litt etter klokka 03 norsk tid. Fleire hundre politifolk hadde samla seg utanfor universitetet, skriv CNN.
Columbia har vore i sentrum for Gaza-demonstrasjonane ved studiestader over heile USA den siste tida.
President for universitetet, Minouche Shafik, ber i ei fråsegn politiet om å bli verande på universitetet fram til 17. mai.
Føremålet skal vera å oppretthalde ro og orden, samt at demonstrasjonane ikkje skal starta opp igjen, skriv Reuters.
Vert utviste og får ikkje ta eksamen
Columbia har truga med å utvisa studentane som har okkupert Hamilton Hall, opplyser New York-universitetet tysdag kveld, ifylgje CNN.
Ein talsperson for universitetet seier at studentane vert møtte med konsekvensar for å ha brote reglane.
Før politiet rykka inn, sa studentane tydeleg at dei nekta å rikka seg før universitetet tilpassar seg krava deira.
Litt etter klokka 05 onsdag morgon norsk tid, seier politiet at Hamilton Hall er rydda tom for folk.
Columbia-studentane har bede om at universitetet trekkjer investeringane sine frå selskap med koplingar til Israel og okkupasjonen av Gaza.
Dei krev også økonomisk transparens.
Talsperson for universitetet, Ben Chang, understrekar at å utvisa studentane ikkje handlar om politikk, men om å få på plass att ro og orden på campus.
Demonstrantane som ikkje godtek vilkåra frå måndag om å fjerna teltleiren, får ikkje ta eksamen seier han, ifylgje nyheitsbyrået AP.
Universitetet har ingen planar om å møta kravet til studentane, har Columbia-president Minouche Shafik sagt tidlegare.
Det øvste styringsorganet ved universitetet Brown på Rhode Island, har derimot gått med på å stemma over å trekka investeringar i israelske selskap, mot at demonstrantane pakkar ned telta sine.
Barrikaderer seg som i 1968
Studentane har barrikadert seg i Hamilton Hall, som husar delar av administrasjonen.
Mellom anna er kontoret til leiaren for Columbia College der, og dei fleste av humaniora-klasseromma til universitetet.
Bygget er no døypt om til Hind's Hall, skriv studentkoalisjonen Columbia University Apartheid Divest i ei pressemelding.
Det er til minne om Hind Rajab, ein 6-åring som ringde og bad om hjelp frå ein bil fylt med døde familiemedlemmar. Ho vart seinare funnen død i bilen i Gaza by.
Hamilton Hall har vore heim for studentprotestar tidlegare, mellom anna under dei store studentopprøra i 1968, ifylgje New York Times.
Samstundes som leiinga ved universitetet ikkje er interessert i å ha demonstrantane der, blir dei takka av palestinarar på Gazastripa.
«Thank you American students»
I ein teltleir fleire tusen kilometer unna – i Rafah, sør på Gazastripa – oppmodar 15 år gamle Imarat Alkafarah studentane på Columbia til å fortsetta protestane.
– Det dei gjer har stor innverknad på våpenkvila i Gaza.
Ho drøymde om å bli lege. Men sju månadar med israelske angrep har sett ein stoppar for undervisninga, fortel ho.
– Eg håpar skular i verda held fram med å demonstrera slik at me òg kan gå på skule og fortsetta draumane våre.
Imarat trur studentane føler med henne og dei andre palestinarane på Gaza, fordi dei også bur i teltleir. Men dei har det kanskje kaldt, medan ho har det varmt, legg ho til.
Tafkir Hamad seier han får ei fin kjensle av å sjå at studentane står opp for folket hans. Han håpar dei held fram protestane, og seier han gjerne skulle takka dei på ein annan måte.
– Men fordi veggane våre og husa våre er øydelagde, har me ikkje noko anna å skriva på enn telta.
Publisert 01.05.2024, kl. 03.24 Oppdatert 01.05.2024, kl. 10.01