Regjeringa skal satse på fysiske bøker i skulen

1 week ago 21



Regjeringa vil satse på fysiske lærebøker i skulen. No skal dei gje 300 millionar til dette føremålet.

Kari Nessa Nordtun har vore kritisk til overdriven bruk av digitale vektøy i skulen.

Allereie få veker i rolla som kunnskapsminister, sa ho at dei ville gjere skulane mobilfrie.

Starten på ein veldig tydeleg markering på at ungane våre skal lese meir, sa Jonas Gahr Støre.

Han oppmodar besteforeldre om å lese meir for deira barnebarn.

Regjeringa seier at dei tek på alvor at lesemotivasjonen hjå barn har gått ned i fleire europeiske land, mellom anna Noreg.

Bøker.

Norsk skule skal tilbake til fleire bøker sa statsrådane.

Foto: Ingvild Edvardsen / NRK

No skal norske elevar få ein million bøker til skulestart i haust.

Det blir omtrent ei bok per elev.

Kritisk til overdriven bruk av digitale verktøy

Tidlegare i år gav kunnskapsdepartementet ei nasjonal tilråding om ein mobilfri skolekvardag for elevar frå barneskulen til vidaregåande.

Kari Nessa Nordtun

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Regjeringa har tidlegare føreslått 25 millionar for å satse på lesing i statsbudsjettet for 2025.

Pengane skal brukast til å styrke leseferdigheita og motivasjonen hjå elevar.

Skjermbruk utfordrar konsentrasjonen

Skjermbrukutvalet vart oppnemnt av regjeringa for å gje eit betre kunnskapsgrunnlag om korleis skjermbruk påverkar helse og læring hos unge.

Utvalet overleverte fyrste utkast av forskinga si til kunnskapsministeren på slutten av førre år.

Dei meiner at skjermbruk utfordrar konsentrasjonen til elevane og at det er best å lese lange tekstar på papir for å hugse betre.

Utvalet skal levere heile rapporten sin på slutten av året.

Publisert 08.05.2024, kl. 13.37

Read Entire Article