Rekordbeslaget på Husnes: Slik skal dei ha jobba for å få kokainen til Noreg

1 week ago 20



– Dette viser openbert at dette er organiserte kriminelle som driv med narkotikaverksemd, seier konstituert førstestatsadvokat og aktor Benedicte Hordnes til NRK.

I Hordaland tingrett sit fire menn og ei kvinne tiltalte for å ha innført 150 kilo kokain til Husnes i Kvinnherad i april i fjor. Alle er frå Albania.

Når dei er tiltalte som ei organisert kriminell gruppe, er det for innføring av det største kokainbeslaget gjort på Vestlandet nokosinne. Det er også det første beslaget i Noreg av narkotika som var frakta under skip.

Sentralt i operasjonen for å arrestere dei tiltalte, var både overvakingskamera, sporingsbrikker på bilar, og filming frå helikopter.

Les her om korleis dei fem personane blei arresterte:

Hadde fleire mobiltelefonar

Ein av dei tiltalte – ein mann på 30 år – vedgår straffskuld etter tiltalen.

Ein sjette person var også sikta, og blir omtalt i retten i gjennomgang av saka. Denne mannen døydde i fengsel i fjor. Dødsfallet blir etterforska.

Dei seks som blei arresterte skal ha hatt til saman åtte telefonar.

Desse skal dei ha brukt mellom anna til kryptert meldingsutveksling der dei hadde kallenamn.

Med desse kommuniserte dei før dei reiste inn i Noreg og medan dei var i landet.

Nokre av dei kom med fly, og nokre av dei i bil. I Noreg leigde dei også bilar som dei køyrde til Husnes.

Ved bensinstasjon husnes kokain

Her er 26-åringen, 30-åringen og 27-åringen fotograferte ved ein bensinstasjon, på dagtid, natta før dei blei arresterte.  

Foto: Politiet

Avslørt av utstyr

Operasjonen med å få kokainen til Noreg byrjar då skipet «Nordloire» forlét Port au Prince på Haiti den 12. mars 2024.

Skipet la til kai i Vila do conde i Brasil den 25. mars, og reiste den 28. mars.

Då skulle det frakte råstoff til aluminiumproduksjon til Noreg, men ein plass på vegen har kokain blitt festa under skipet.

Metoden med å frakte narkotika under skip blir kalla parasittsmugling. Dette er ein kjent metode som tollarar og politi har jobba lenge med å avdekke.

Skipet Nordloire låg til kai på Husnes i Kvinnherad då det blei gjort eit beslag på 150 kilo kokain som hadde blitt frakta til Noreg under skipet.

Kokainen var festa under dette skipet og kom frå Brasil til Husnes.

Foto: Atle Helland

Samtidig som skipet var på veg, var også dei tiltalte det.

Denne undervass-scooteren tok tollen bilete av i tollkontroll i Larvik 10. april. Denne skal ha blitt brukt for å få opp 150 kilo kokain frå under eit skip. Skipet låg til kai i Husnes i Kvinnherad i Vestland.

To undervass-scooterar i ein bil på veg inn i Larvik gjorde at tollarar fatta mistanke.

Foto: Tolletaten

Avsløringa byrja då ein mann prøvde å frakte dykkarutstyr inn til Larvik i ein tyskregistrert bil. Med to undervass-scooterar i bilen fatta tollarar mistanke.

Dei tipsa politiet, men lét mannen køyre vidare.

Han køyrde til eit hotell ved Gardermoen. Der skal fleire av dei tiltalte ha opphalde seg saman.

Kokainsmuglingstiltalte Husnes sjekker inn på hotell Best Western Gardermoen

Fleire av dei tiltalte samla i resepsjonen på hotellet ved Gardermoen.

Foto: Politiet

Fekk overlevert

Ved Gjerdrum fekk to av dei tiltalte, pluss den sikta som er død, overlevert dykkarutstyret frå mannen. Leverandøren skal så ha køyrt vidare.

Ein tiltalt var då på veg til Husnes i bil der han skal ha leigd ein Airbnb-bustad.

Dei andre følgde etter neste dag i to leigebilar og leigde ein annan bustad.

Dagen etter reiste dykkaren (45) og kvinna til ein butikk i Bergen. Der kjøpte dei dykkarutstyr verdt rundt 35.000 norske kroner. Dette blei betalt delvis kontant, delvis med mastercard. Kortet blei funne på ein av dei tiltalte.

Kjøper dykkerutstyr på dykkerbutikken Nemo i Bergen,

To av dei tiltalte på ein butikk som sel dykkarutstyr i Bergen. Mannen til høgre er mannen som er tiltalt for å ha dykka ned etter narkotikaen som var gøymt under skipet. Personen til høgre er tiltalt for å ha frakta dykkaren.

Foto: Politiet

Etter at skipet frå Sør-Amerika hadde lagt til kai på Husnes 12. april, slo dei tiltalte til.

Klokka 00.18 var dei parkerte ved hamna, og klokka 01.25 skal dei ha jobba i fjæra. Dei fekk kokainen på land, og køyrde vekk frå skipet i forskjellige bilar.

Då vart dei arresterte i ein væpna politiaksjon.

Her blei personane arresterte.

Hadde pakkeutstyr

Den eine personen frakta alle dei fire baggane med kokain. Det var til saman 150 kilo kokain. I dei andre bilane blei det funne dykkarutstyr.

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Kokainen var pakka inn i baggar og festa til skroget på skipet.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Dei gule posane inneheldt kokain. Dette er ein av fire baggar som politiet konfiskerte.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

150 kilo blei tatt.

Foto: Vest politidistrikt

I den eine leigebustaden blei det funne vakuumpakkemaskin, eingongshanskar, pakketeip, og mykje mat.

– Eg meiner denne saka bevismessig er enkel. Dei fem er tatt idet dei har ein operasjon der dei hentar ut dette stoffet, seier aktor Hordnes til NRK.

– Her gjeld det berre deira forsett, og kva dei visste om kva bagane inneheldt.

Politi i retten

Den første dagen var det innlegg frå aktor og deretter fekk 27-åringen forklare seg.

Det er opp til åtte politi i Hordaland tingrett under Husnes-saka.

Det er opp til åtte uniformerte og væpna politi i salen til ei kvar tid. To tolkar er også til stades i retten for dei tiltalte.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Mannen fortalde at han hadde jobba både i Albania og for ein arbeidsgivar i Italia. Til Noreg kom han for å ta det han trudde var ein jobb i byggebransjen.

Han meiner han blei lurt og at han ikkje visste kva han var med på.

Saka starta i dag i Hordaland tingrett, og det er sett av minst 10 dagar.

Forsvararane har til no ikkje uttalt seg til NRK.

Kai-Inge Gavle i Hordaland tingrett.

Kai-Inge Gavle er forsvarar for 27-åringen som forklarte seg første dag i retten.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Publisert 07.05.2024, kl. 18.41 Oppdatert 07.05.2024, kl. 18.58

Read Entire Article