Skipet som var lasta med kokain

1 week ago 15



Det kom eit skip til Husnes den 12. april 2023. Lasta var råstoff til aluminiumsproduksjon. Bak seg hadde det ei lang reise frå Brasil. Under skipet var det 150 kilo kokain.

Natta etter var politiet klare. Tips frå tollarar om dykkarutstyr på grensa og leigebilar på veg vestover førte til ein væpna politiaksjon.

Dette er første gong nokon er tatt i Noreg for å ha smugla med såkalla parasittsmugling, der kokainen var festa i kjølevassinntaka på eit skip. Så langt er dette også det største kokainbeslaget gjort på Vestlandet nokosinne.

Kokainen har høg styrkegrad og ein marknadsverdi på fleire millionar kroner.

No står fem personar frå Albania tiltalte, som ei organisert gruppe, for å ha oppbevart og innført narkotika. Fleire av dei nektar straffskuld. Ein sjette person døydde i fengsel.

Dette er historia om korleis personane blei tatt.

Mistenkeleg last

Den 10. april kom ein tyskregistrert bil inn til Larvik med ferja frå Hirtshals. I ein heilt vanleg tollkontroll fatta tollarane mistanke.

Det den 30 år gamle mannen hadde nemleg med seg dykkarutstyr og to under­vass­scooterar i bilen. Det han forklarte gav ikkje meining.

Denne undervass-scooteren tok tollen bilete av i tollkontroll i Larvik 10. april. Denne skal ha blitt brukt for å få opp 150 kilo kokain frå under eit skip. Skipet låg til kai i Husnes i Kvinnherad i Vestland.

Dette er ein av to undervasscooterar som tolletaten i Larvik fann i ein bil. Dei mistenkte at utstyret kanskje ville bli brukt for å dykke etter narkotika.

Foto: Tolletaten

Tollarane mistenkte at utstyret skulle brukast til å få opp narkotika frå vatn og tilkalla politiet. Men, etter å ha forklart seg fekk mannen køyre vidare.

Då følgde ein sivil tollpatrulje etter.

Neste stopp var Gardermoen. Der møtte mannen nokre personar som køyrde to norskregistrerte leigebilar. Observerande tollarar såg at mannen gav dei dykkarutstyret.

Mannen skal så ha køyrd ut av Noreg, for tollarane hadde eit nytt spor å følge: Personane i leigebilane. Dei parkerte ved eit hotell ved Gardermoen og sov der.

Dagen etter, den 11. april, skal leigebilane ha fått køyre av garde utan at nokon følgde etter.

Tollvesenet jobba nemleg iherdig med å finne ut kvar personane kunne vere på veg.

Frå Sør-Amerika til Noreg

I over ti år har Tolletaten jobba med å avdekke at narkotika blir frakta inn til norske industribygder under havoverflata.

Ved å feste å feste kokain eller narkotiske stoff på skip, under havoverflata, får smuglarane gratis frakt. Narkotikaen blir gratispassasjer, og av dette kjem namnet parasittsmugling.

Ifølge ein Kripos-rapport blei det i 2023 beslaglagt titals større mengder enn normalt med kokain i norske hamnar og i varemottak for last for konteinarar. Styrkegraden er svært høg, og er dei største som nokon gong har blitt beslaglagt i Noreg.

Tolletaten har lenge vore særleg vore obs på skip som kjem med last frå til dømes Brasil, Colombia, Chile og Ecuador.

– Så lenge det er Sør-Amerika, så utelukkar me ingenting, seier Christer Malt som er seksjonssjef for maritim innsats i Tolletaten.

Han uttaler seg på vegner av tollarane som har jobba med saka før, under, og etter beslaget skjedde.

I april 2023 gav arbeidet resultat. For første gong gjorde Tolletaten eit beslag under eit skip i Noreg. Det gjorde dei fordi dei sjekka kva skip som var på veg til Vestlandet.

Christer Malt er seksjonssjef for maritim innsats i Tolletaten.

Christer Malt er seksjonssjef for maritim innsats i Tolletaten.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Leita etter skip

Den 11. april hadde tollarane funne tre aktuelle skip som kunne vere reisemålet til personane med dykkarutstyr.

Dette var nemleg skip som kom med last frå Sør-Amerika.

Det eine skipet låg i Årdalstangen i Sogn. Dei to andre var på veg til Husnes i Vestland og Sunndalsøra i Møre og Romsdal.

Opplysninga blei meldt til politiet, og dei starta etterforsking på innførsel av narkotika.

Samtidig la kontrollmannskap frå Tolletaten ut på ein køyretur mot Årdalstangen der det alt låg eit skip. Målet var kontroll.

Heilt tilfeldig møtte tollarane på leigebilane på E16 i nærleiken av Stalheimstunnelen i Voss herad. Kunne dei vere på veg til Husnes?

Tollarane følgde etter mot Voss, fekk kontakta politiet, og etter kvart følgde spanarar frå politiet etter.

Der sjekka alle dei fem personane i leigebilane inn på same stad. Politiet sette inn ressursar, og fekk etter kvart nasjonal bistand frå beredskapstroppen.

Samtidig fekk nokre tollarar kontrollert skipet i Årdalstangen, men fekk ikkje treff.

Dagen etter, den 12. april, la skipet «Nordloire» til kai på Husnes.

Skipet Nordloire låg til kai på Husnes i Kvinnherad då det blei gjort eit beslag på 150 kilo kokain som hadde blitt frakta til Noreg under skipet.

Skipet Nordloire til kai på Husnes.

Foto: Atle Helland

Same dag observerte politiet at den eine leigebilen køyrde til Husnes og møtte ein mann i ein svenskregistrert bil. Den andre bilen skal ha køyrt til ein butikk som sel dykkarutstyr i Bergen, og deretter attende til Husnes.

Natt til 13. april gjekk politiet til væpna aksjon, og fann 150 kilo kokain i den svenskregistrerte bilen.

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Kokainen var pakka inn i baggar og festa til skroget på skipet.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Dei gule posane inneheldt kokain. Dette er ein av fire baggar som politiet konfiskerte.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

150 kilo blei tatt.

Foto: Vest politidistrikt

Deretter blei mannskap frå Tolletaten og Kystvakta kopla på for å få inspisert skipet. Der fann dei taurestar og fekk stadfesta at kokainen hadde vore festa i kjølevassinntaka på skipet.

Dykkar frå Tolletaten ved sjøvassinntak under båten som låg til kai på Husnes då 150 kg kokain blei beslaglagt.

At narkotika blir gøymt inni kjølevassinntaket er eit kjent modus, ifølge politiet. Det eine inntaket her manglar ei luke.

Urørt sjøvassinntak på skipet som låg til kai på Husnes, der 150 kg kokain var gøymt.

I kjølevassinntaka var 150 kilo kokain gøymt i sekkar, og desse var festa til skipet med tau. Her kan ein sjå taurestar etter at kokainen hadde blitt henta opp.

Oversikt over sjøvassinntaka på skipet som låg til kai på Husnes. Ser ein etter, kan ein sjå tau i to av inntaka. Der var det gøymt til saman 150 kg kokain.

Ser ein etter kan ein sjå tau i to av sjøvassinntaka. Der var sekkane med kokain var gøymde.

Ein dykkar ved sjøvassinntak på skipet som låg til kai på Husnes.

Det var dykkarar frå Kystvakta som inspiserte skipet som låg til kai på Husnes.

Foto: Tolletaten

Fem tiltalte

Då lasteskipet «Nordloire», den 28. mars 2023, segla frå Vila do Conde i Brasil var kokainen alt festa under skipet, i eit holrom for inntak av sjøvatn.

Det politiet seinare fekk beslaglagt er sjeldan kost.

Kokainen som blei funnen har styrkegrad på 90 prosent. Ifølge rusinfo.no er ein vanleg brukardose 25 milligram, og dermed inneheld beslaget 6 millionar brukardosar.

Gateverdien for kokain kan vere alt frå 800 til 1500 kroner per gram. Det vil seie at beslaget har ein gateverdi på rundt 120 til 225 millionar kroner.

Seks personar blei arresterte på staden. Fem av dei er albanske. Den sjette personen var ein albansk og italiensk mann i 40-åra. Han blei i desember 2023 funnen død i Froland fengsel. Etterforskinga av dødsfallet er ikkje er ferdig.

– Me ventar på svar på nokre undersøkingar før me kan ta påtalemessig avgjerd, seier Halvor Holthe Øymoen som er avsnittsleiar ved Voldsavsnittet i Arendal og Froland politistasjonsdistrikt.

Fire menn og ei kvinne er dermed tiltalte.

Kom til Hydro-kai

Områdeleiar Bård Ynnesdal i Tolletaten har tidlegare forklart til NRK at det kvart år kjem mellom 70 og 80 anløp frå Sør-Amerika til Noreg.

bård ynnesdal områdeleiar tolletaten

Områdeleiar Bård Ynnesdal i Tolletaten.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Den største delen av skipa kjem til Vestlandet, til større og mindre industristader som til dømes Husnes, Karmøy, Høyanger, Årdalstangen og Sunndalsøra.

Skipet som kom til Husnes hadde reist frå Vila De Conde i Brasil der Hydro har eit anlegg. Lasta var råstoff til aluminiumsproduksjon. Det var altså under skipet at det var gøymt kokain.

Skipet Nordloire låg til kai på Husnes i Kvinnherad då det blei gjort eit beslag på 150 kilo kokain som hadde blitt frakta til Noreg under skipet.

Her låg skipet til kai på Husnes. Det er ein stad med i overkant av 2000 innbyggarar der Hydro hjørnesteinsbedrifta.

Foto: Atle Helland

Anders Vindegg er informasjonssjef i Hydro. Han opplyser om at Hydro ikkje eig skipet, men at dette kom med råvarelast.

Lasta var alumina som brukast til aluminiumsproduksjon, og Vindegg seier dette var noko Hydro hadde bestilt.

Elles har Hydro ikkje fleire kommentarar til saka.

Kokainen blei beslaglagt på Husnes i Sunnhordland.

Sjeldan med pågripingar

Liknande beslag som det som blei gjort på Husnes, har blitt gjort i andre land også.

I Senegal blei nesten tre tonn kokain beslaglagt på eit skip i november 2023, skriv The Brussel Times. Beslaget har tilnærma lik innpakning som det i Noreg.

I september 2023 blei 200 kilo kokain beslaglagt i Melbourne i Australia. Kokainen blei funnen under eit skip som kom frå Sør-Amerika, rapporterer 9news.

I juni 2021 blei det gjort liknande beslag i hamna Gent i Belgia. 216 kilo kokain i tre store sekkar blei beslaglagde, skriv PZC. Skipet frakta appelsinjuice frå Santos i Brasil, og var på veg til Australia.

– Det er ikkje veldig ofte ein høyrer om pågripingar i slike saker, seier Christer Malt i Tolletaten.

Denne undervass-scooteren og dykkardrakta blei tatt i beslag på Husnes natt til 13. april.

Dette blei beslaglagt natt til 13. april 2023. I tiltalen står det: «Det vil bli nedlagt påstand om inndraging av diverse dykkarutstyr, som dykkarklokker, karabinkrokar, to undervasscooterar, tørrdrakt, blylodd og diverse verktøy».

Foto: Politiet

– Stort for Noreg

Det er ikkje første gong at kokain har blitt funne frakta med skip til Noreg frå Sør-Amerika. I 2005 blei det til dømes beslaglagt over 150 kilo kokain på skipet «Crusader» i Mosjøen i Nordland fylke.

i 2005 var kokainen festa til «ruddertrunken» som er eit inspeksjonsrom til rorstamma. Dette var om bord i skipen, men hadde truleg blitt plassar der av dykkarar. Heile mannskapet på 25 personar blei arresterte.

At ein no beslaglegg kokain frakta under skip til Noreg, og får arrestert personar for å ta dette opp, er difor uvanleg.

Det er stort både for Noreg og Vestlandet. Ein har høyrt om Bama-beslaga, men der har ein ingen gjerningsmenn som er tatt for det. Så, dette er vel det største enkeltbeslaget kvar me har pågripe og tiltalt nokon for det, seier Benedicte Hordnes.

Ho er konstituert førstestatsadvokat og aktor i saka, og ho seier det er viktig å pågripe personar i slike saker.

Såkalla parasittsmugling, at det smuglast under båt, er eit fenomen me veit føregår i stor stil. Det er viktig at me klarer å ta gjerningsmennene, seier Hordnes.

Aktor Benedicte Hordnes

Aktor og konstituert førstestatsadvokat Benedicte Hordnes. 

Foto: Valentina Baisotti

Erkjenner ikkje straffskuld

Dei fleste tiltalte i saka nektar straffskuld. Dette med unntak av 25-åringen som skal ha stått på land og skal ha tatt imot stoffet. Forsvararen hans, Øystein Storrvik, seier mannen erkjenner seg delvis skuldig.

– Han erkjenner å ha vore med på dette, men han trudde det var hasj det gjaldt, og ikkje kokain, seier Storrvik.

Kai Inge Gavle er forsvarar for mannen var 26 år då han skal ha frakta dykkarutstyr. Gavle seier klienten ikkje erkjenner straffskuld. Han seier klienten hans drog til Noreg «fordi han hadde fått tilbod om å gjere ein heilt ordinær jobb».

– Kort tid forut for pågripinga skjønte han at noko ikkje stemte. Først i fengslingsmøte fekk han vite at det dreia seg om narkotika, seier Gavle.

Kai Inge Gavle i Tingretten

Kai Inge Gavle er forsvarar for 26-åringen. Han seier saka dreiar seg om seks personar som drog til Noreg på forskjellig vis, og at hans klient hadde berre perifer kjennskap til to av dei andre personane.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Min klient nektar for at han er del av eit nettverk, seier Gavle.

Til at dei tiltalte nektar straffskuld er aktor Hordnes klar i sin tale:

Me meiner det ikkje er tvil om at alle har hatt ei rolle i denne innførselen, og at dei veit kva dei har vore med på, seier Hordnes.

Hordnes seier strafferamma for eit beslag lik det som blei gjort på Husnes er 15 år.

Fordi dei er tiltalt for å vere del av ei organisert kriminell gruppe så aukar strafferamma til 21 år, seier Hordnes.

Dykkarflaske tatt i beslag på Husnes natt til 13. april 2023.

Denne dykkarflaska var noko av utstyret som blei tatt i beslag på Husnes natt til 13. april 2023.

Foto: Politiet

– Samfunnsproblem for heile verda

I rapporten Nasjonal trusselvurdering frå januar 2024 skriv Kripos at profesjonalisering av kokainsmugling har medført at beslaga blir større og styrkegraden blir mykje høgare.

Politiet står ovanfor ei utfordring ved at Noreg i fleire tilfelle er nytta som transittland for kokainsmuglarar.

Kripos erfarer at ein i andre land i Europa har erfart at auka kokaintrafikk har medført eit høgare konfliktnivå og ein meir valdeleg form for kriminalitet.

I tillegg kjem det fram i rapporten at det er sannsynleg at albanskspråklege narkotikanettverk vil utgjere ein betydeleg trussel mot Noreg innan innførsel og distribusjon av kokain.

Kripos kjem fram til at det er svært sannsynleg at nettverka kjem til å vekse i Noreg.

– Organisert kriminalitet er eit stort samfunnsproblem for heile verda, så det er veldig viktig å prøve å overvinne dette, seier Hordnes.

Over eitt år etter beslaget på Husnes blei gjort, går saka for retten den 7. mai i Hordaland tingrett.

Har du tips?

Takk for at du las.

Eg tar meir enn gjerne imot tips eller tankar om denne eller liknande saker.

Send meg gjerne ein e-post.  

Les gjerne også desse sakene:

Publisert 06.05.2024, kl. 21.16

Read Entire Article