Skolar skal legge til rette for elevar med nedsett høyrsel – dei færraste gjer det

1 week ago 24



Sjå for deg eit heilt vanleg klasserom. Elevar som pratar, gjerne litt høgrøysta.

Når dei set seg ved pultane, skraper stolen mot golvet.

Kanskje nokon dunkar ein penn mot bordet.

Dette er lydar ikkje alle tenker over, men for ein med nedsett høyrsel og som har høyrselsimplantat, er desse smålydane til å bli sprø av.

– Eg blir heilt surrete i hovudet og vil berre låse meg inn på rommet mitt.

Det seier Vilje Truslew Kehlet (13) frå Langangen i Telemark. Ho er 100 prosent døv og har CI.

– Det å høyre dårleg er som å køyre bil i tett tåke. Du konsentrerer deg så mykje om å sjå vegen at når du er framme, er du veldig sliten. Med tilgang på god lyd, lettar tåka og du køyrer i fint vêr.

Marianne Helgen

audiopedagog, Myrene skole

Skole tilrettelegger for elever med nedsatt hørsel

Bytta skole

For Vilje kan det vere vanskeleg å få med seg alt læraren seier, og ho er ikkje aleine.

Nesten halvparten av elevane i Noreg som brukar teiknspråk går ikkje på skolar som er tilrettelagt for dei, ifølgje ein NOU frå regjeringa i 2023.

– Før gjekk eg på ein skole der dei fleste ikkje forstod kor slitsamt det er å vere døv, seier Vilje.

Men etter at 13-åringen bytte til Myrene skole i Porsgrunn, har ho ikkje hatt problem med å delta i timen.

Skolen har installert mikrofonar og høgtalarar i alle klasserom.

– No får eg med meg meir av det læraren seier i dei store klassene og eg treng ikkje å anstrenge meg like mykje som før. Eg er også mindre sliten etter skolen.

Vilje Truslew Kehlet (13)

sjuandeklassing, Myrene skole

Skole tilretteleggar for elevar med nedsett høyrsel

Kontaktlærar og audiopedagog Marianne Helgen seier at det no er lettare å få merksemda til elevane.

– Eg merkar at dei betre klarer å skilje stemma mi frå støyen elles i klassa, seier ho.

– Søker seg hit frå heile landet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har uttalt eit mål om at alle nærskolar skal vere universelt forma ut innan 2030.

Ifølgje ein handlingsplan frå departementa frå 2021 har mellom 20 og 60 prosent av grunnskolane manglar, og minst 10 prosent har alvorlege manglar.

Det vil seie at fleire tusen elevar med nedsett funksjonsevne ikkje har ein skole i nærleiken som er universelt forma ut.

– Vi har elevar som søker seg hit frå heile landet, på grunn av spisskompetansen og tilrettelegginga vår for barn med nedsett høyrsel

Det seier avdelingsleiar og audiopedagog på Myrene skole i Porsgrunn, Cecilie Eikrem Johnsen.

Skolen har elevar frå Vestfold og heile Telemark fylke, og også elevar som har flytta frå Nord-Noreg for å gå på skolen.

Her tek avdelingsleiar og audiopedagog på Myrene skole, Cecilie Eikrem Johnsen, på seg ein av lærarmikrofonane.

Foto: Helena Rønning

Meiner utstyret gagnar alle elevar

Kvar gong læraren går inn i klasserommet, skal han ta på seg mikrofonen.

Helgen meiner at utstyret ikkje berre gagnar elevane med nedsett høyrsel, men at alle elevar treng tilgang på god lyd og ei trygg lærarstemme.

– Då har barna med normal høyrsel, dysleksi, konsentrasjonsvanskar eller ADHD også lettare for å konsentrere seg og fokusere på læraren.

Skole tilrettelegger for elever med nedsatt hørsel

I høyrselsklassane er det berre elevar med nedsett høyrsel. Der ha dei mikrofonar til alle elevane. Dei blir sette på kvar pult. Når elevane snakkar, fangar mikrofonane det opp og det går ut på høgtalaren i klasserommet.

Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
Skole tilrettelegger for elever med nedsatt hørsel

Mikrofonen som heng rundt halsen på læraren.

Foto: Eline Molvær Løndal / NRK

I tillegg meiner dei at bruken av utstyret normaliserer nedsett høyrsel og skaper mindre stigma blant elevane.

– Få utstyret på plass!

Generalsekretær i Hørselshemmedes Landsforbund (HLF), Inger Helene Venås, applauderer Telemark-skolen.

– Vi veit at barn med høyrselsutfordringar lettare fell utanfor sosialt, og dei er meir utsett for mobbing.

Ho er difor bekymra for korleis det ser ut på skulane i resten av landet.

– Skoleeigaren har ansvaret for å sørge for at lokala er tilrettelagd, men vi veit at det ikkje blir gjort fleire stader.

Generalsekretær i Hørselshemmedes Landsforbund, Inger Helene Venås

Inger Helene Venås, generalsekretær i Hørselshemmedes Landsforbund.

Foto: HLF

Venås oppfordrar andre kommunar om sjå til Porsgrunn. Ho meiner at det allereie finst pengar i kommunane som skal gå til dette.

– Få utstyret på plass! Det handlar berre om å ta initiativet.

Avdelingsleiaren på Myrene skole kan informere om at lydutstyret deira har kosta rundt 300.000 kroner.

Vil vere eit godt eksempel

Skolen i Porsgrunn håper at dei kan vere eit godt eksempel for andre skolar både når det gjeld høyrselsteknisk utstyr, men også på feltet universell utforming generelt.

– Vi brenn for god lyd og for høyrselssaka, og difor er vi kjempestolte for at skolen har investert i eit slikt anlegg, seier lærar Marianne Helgen.

Likevel er dei ikkje i mål. Avdelingsleiaren seier at dei har planar om å installere utstyret også i gymsalen og i medieteket.

– Neste steg er mikrofonar til kvar enkelt elev, ikkje berre til lærarane og elevane med nedsett høyrsel, seier Cecilie Eikrem Johnsen.

Publisert 06.05.2024, kl. 17.24

Read Entire Article