Skulen vart stengt på dagen – no har elevane flytta inn på kommunehuset

1 week ago 23



For mange har livet gått vidare etter ekstremvêret «Hans» i august i fjor.

Men i Sør-Aurdal er livet endra på ubestemt tid for dei rundt 70 elevane og 20 tilsette ved ungdomsskulen.

– Det er litt dumt. Eg skulle helst ønske at vi kunne gått på den gamle ungdomsskulen vår, seier Milla Sollien Nybakke.

Elever har undervisning i kommunestyresalen

Elevane i niande klasse på Sør-Aurdal ungdomsskule har eit litt annleis klasserom enn dei fleste andre niandeklassingar.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Men ungdomsskuleelevane ved Sør-Aurdal ungdomsskule (SAUS), har ingen skule å gå til.

No har klassa til Nybakke, niande trinn, flytta inn på kommunehuset.

Der har dei tatt over mellom anna kommunestyresalen og ordførarens kontor.

Kommunestyresalen i Sør-Aurdal kommune

Elevane har fått ein eigen fløy på kommunehuset.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Måtte flytte to gonger

Under ekstremvêret «Hans» sto ungdomsskulen i bygda Bagn under vatn, og vart flaumskadd.

Ei veke før skulestart hadde ikkje elevane nokon skule å gå til.

Løysinga vart å flytte elevane til den nedlagde barneskulen i Begnadalen, knappe tre mil sør for Bagn.

Men i mars måtte også denne skulen stenge.

På nytt måtte ungdomsskuleelevane flytte. For andre gongen i løpet av eitt år.

– Løysinga no er at 8.- og 10. trinn er i idrettshallen, medan 9. trinn er her på kommunehuset, seier Charlotte Kulterud som er inspektør ved ungdomsskulen.

Der har elevane fått både kommunestyresalen og kontora til kommunedirektøren og ordføraren til disposisjon.

Charlotte Kulterud, inspektør Sør-Aurdal ungdomsskole

Charlotte Kulterud er inspektør ved ungdomsskulen i Sør-Aurdal.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Kjem til å ta tid

Det har ført til at ordføraren i kommunen, Marit Hougsrud (Sp), no lev i pappaskar og flytter seg mellom dei kontorplassane som er ledige på kommunehuset.

– Det er litt famling når eg ikkje finn att ting, men det går fint, seier ho.

– Om det er ei løysing at eg flytter ut av kontoret mitt for ei stund, så gjer eg jo det.

Sør-Aurdal ungdomsskole har undervisning på kontoret til ordføreren

Timeplanen til ordføraren ser nok ikkje slik ut. No har niandeklassingar flytta inn på kontoret til ordføraren.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Likevel ser ho fram til å kome tilbake på kontoret sitt, og få til ei betre løysing for elevane.

Men det kjem til å ta tid før ei ny skule står klar.

Hougsrud anslår at det vil ta tre til fire år.

Marit Hougsrud, ordfører i Sør-Aurdal kommune (Sp)

– Vi er jo løysingsorienterte i kommunen vår, seier ordførar Marit Hougsrud (Sp).

Foto: Stine Bækkelien / NRK

I mellomtida vil ordføraren få til ei meir stabil, mellombels løysing for elevane.

Eit alternativ er å sette opp ein brakkerigg.

Ho håpar dei kan få til ei betre løysing til neste skuleår startar i august.

– Når dei begynner der så veit dei at der skal dei vere til den nye skulen står klar. Slik at dei slepp meir flytting, seier ho.

Elevene i Sør-Aurdal har undervisning i kommunestyresalen

Medan niande klasse er på kommunehuset, er resten av ungdomsskulen i idrettshallen på andre sida av vegen.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Ser fram til nok ei flytting

Elevane i kommunestyresalen byrjar å bli godt kjende i kommunehuset.

Likevel ser dei fram til å flytte nok ein gong.

– Det er heilt greitt her liksom, seier niandeklassingen Milla Sollien Nybakke.

– Men eg skulle jo ønskt at vi hadde eit klasserom å gå til som var på ei skule, og ikkje i kommunehuset.

Sør-Aurdal ungdomsskole

Ingen av elevane som NRK har snakka med, meiner at den hyppige flyttinga har gått utover læringa deira dette skuleåret.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Klassevenninna Oda Mikkelsgård er einig.

– Eg saknar veldig den gamle ungdomsskulen, seier ho.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 05.05.2024, kl. 18.09

Read Entire Article