SSB: I desse nabokommunane er det 23.000 kroner i forskjell på barnehagepris

2 weeks ago 17



Nyleg publiserte SSB ferske på snittprisen for barnehagar i heile landet.

To små nabokommunar i Nordland kjem ut i kvar sin ende på skalaen, med ein differanse på 22.969 kroner i året.

Havgap-kommunen Træna har den dyraste barnehageprisen i snitt, med 37.381 kroner i året.

Samtidig har nabokommunen Rødøy blant dei aller billegaste prisane, med 14.412 i året.

For to år sidan var Rødøy den dyraste i landet.

– Det ønska vi å gjere noko med. Då kommunestyret vedtok rekruttering- og tilflyttingsprosjektet «Prøv Rødøy» i 2023 var eit av tiltaka halv pris på barnehage, seier ordførar i kommunen, Inger Monsen.

Utsikt fra Rødøyløva.

Rødøy, her sett frå Rødøyløva, har gått frå å vere den dyraste til ein av dei billegaste på to år.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Kommunane som er ein del av tiltakssonen og difor har gratis barnehage er ikkje med i reknestykket.

Det er to ulike ting som utgjer den totale summen av barnehageprisen:

  • Det eine er kostpengar, altså det barnehagane tar for at ungen skal få mat eller anna kost.
  • Det andre er månadsprisen det kostar for å ha ungar i barnehagen i seg sjølv.

Det er fleire reglar som speler inn i det totale reknestykket, sjå forklaringsboksen lenger ned i saka.

Når det gjeld barnehageprisane rundt om i landet, er det ikkje nødvendigvis slik at ein familie betalar det same for den same barnehageplassen.

For dette med foreldrebetaling kan vere ganske komplisert:

– Skulle gjerne sett lågare avgifter

Ordførar i Træna, Trond Vegard Sletten i Arbeidarpartiet, seier dei har lita moglegheit til å subsidiere barnehageprisen på noko vis, og at det derfor blir høgare avgifter.

– Innbyggarane har nytt godt av dei sentrale føringane som er lagt, og dei er vi jo glade for at er komne. Så skulle vi gjerne ha sett at vi har lågare avgifter, men vi klarar ikkje å subsidiere det på det viset som krevjast.

Barnehage, illustrasjon

– Vi subsidierer resten for å vise at vi gjerne vil legge til rette for barnefamiliar, seier ordførar i Rødøy, Inger Monsen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

For innbyggarane i kommunar som Træna, kan det likevel finnast lysare tider i møte. Frå og med 1. august i 2024 trer nye reglar i kraft.

– Det synest eg absolutt er flott, det ønsker eg velkomen, seier Sletten.

Skal senke maksprisen

Den høgste prisen staten har bestemt at skal gjelde for barnehagar, er i dag på 3000 kroner.

I september 2023 lova regjeringa å kutte maksprisen på barnehage for barnehagebarn. Ifølge lovnaden skal det skje hausten 2024, frå 3000 til 2000 kroner.

Ifølge statsminister Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet er det dei høge levekostnadane som er ein av årsakene til at regjeringa vil ta ein større del av rekninga.

Regjeringen kutter barnehageprisene

September 2023 var finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), barneminister Kjersti Toppe (Sp), kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på plass i St. Olavs barnehage i Sarpsborg for å fortelje om kuttet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Vedum sa då at det var dei auka inntektene frå grunnrenteskatten, den såkalla «lakseskatten», som gjorde det mogleg å kutte i barnehageprisane. Høgre meinte at det er mogleg utan eit auka skattetrykk.

For ein familie med to barn betyr det ein reduksjon på 18.700 kroner i barnehageutgifter i året. Prislappen er i overkant av 3 milliardar årleg, ifølge regjeringa.

I tillegg skal 189 kommunar som slit med fråflytting få redusert prisen til 1500 kroner, for å oppmuntre til bulyst.

Både Træna og Rødøy er to av desse kommunane.

Det betyr at staten vil ta rekninga for å redusere maksprisen til 1500 kroner i månaden.

Om Rødøy frå 1. august framleis ønsker å gi halv pris på barnehage – som betyr 750 kr, kan ikkje ordføraren seie sikkert. Det er opp til kommunestyret.

Pengar frå havbruk og kraft

– Vi tenker at det er eit positivt tiltak både for dei som vil flytte til Rødøy, men også for barnefamiliar som allereie bur i kommunen. Så kan eg ikkje svare for kor lenge det blir slik, men «Prøv Rødøy» er vedtatt ut 2025.

Prosjektet «Prøv Rødøy» er vedtatt ut 2025. Grunnen til at kommunen har hatt råd til å subsidiere delar av barnehageprisen, er pengar dei har spart opp over år, blant anna inntekter frå havbruk og kraft.

Inger Monsen, ordfører Rødøy

Inger Monsen, ordførar i Rødøy, forklarar kvifor dei har litt pengar på bok.

Foto: Privat foto

– Vi har nokre inntekter som vi har fått fordi vi har lagt til rette for havbruk og kraftproduksjon i vår kommune. Midlar som vi har vore forsiktige med å bruke. Kommunestyret sett av nokre av desse midlane til rekrutterings- og tilflyttingsprosjektet vårt.

Ordføraren i Træna, Trond Vegard Sletten, viser til to heilt ulike økonomiske spelerom.

– Træna er den dyraste kommunen med 2848 kr i månaden, sett vekk frå kostpris. Til samanlikning er nabokommunen Rødøy blant landets billegaste. Kva tenker du om det?

– Det kan ligge enkle forklaringar til grunn for det. Rødøy kommune har i snitt 25 millionar i inntekt frå havbruksfondet, det gir jo litt økonomisk spelerom. Til samanlikning har Træna kommune 1 million, seier han og legg til:

– Det er jo moglegheiter for å subsidiere den slags, utan at eg veit om dei gjere det, det skal eg ikkje seie. Men eg ser at dei har heilt andre økonomiske spelerom enn kva vi har på mange måtar.

Publisert 30.04.2024, kl. 16.33

Read Entire Article