Staten justerer tollen for tredje gong for å løyse «egg-knipa»

1 week ago 22



Der prisen på «vanlege varer» blir bestemd gjennom tilbod og etterspurnad, blir prisen på egg og jordbrukssvarar «avtalt» gjennom aktiv marknadsregulering.

I praksis betyr det at Nortura anslår kor mange egg vi vil ete, og styrer produksjonen i tråd med dette.

Men prognosane kan slå feil og halvtomme egghyller i norske matbutikkar har vore ei kjend vise sidan Lars Sponheim føreskreiv ei radikal løysing på eggkrisa i 2004:

– Kvar mann si høne, var resepten hans, om enn ikkje alvorleg meint.

Den føretrekte løysinga ved eggmangel er i staden å auke importen ved å justere ned tollsatsane, og i dag varslar Landbruksdirektoratet at dei på ny justerer tollen for å «sørge for nok egg i butikkhyllene og til matindustrien».

I 2004 presenterte landbruksminister Lars Sponheim "Økologisk Tjukkmjølk fra Røros"

Landbruksminister Lars Sponheim (V) i glansdagane i 2004.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Forventa at det vil vere litt for lite egg til august

I april gjekk tollsatsen på egg opp igjen etter at han blei fjerna i februar.

Landbruksdirektoratet grunngir den siste justeringa med at det i løpet av dei fire første månadene har mangla tusen tonn egg for å dekke den norske etterspørselen.

Det er forventa at det vil vere litt for lite egg i marknaden også i perioden mai til august. For å dekke underskotet i 2024 må det importerast i overkant av to tusen tonn egg, skriv dei i ei pressemelding.

Et stort brett med 30 egg.

– Apriltala er ennå ikkje klare, men det er forventa at importen vil ligge tett opp mot prognosen på tusen tonn, skriv Nortura i ei pressemelding.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Norske forbrukarar skal få norske egg

Nortura melde tidlegare i månaden at det vil vere ein mangel på norske egg i butikkane ut 2024.

Denne mangelen blir dekt inn med importerte egg.

Tolljusteringa, som gjeld perioden 14. mai til 24. juni, er den tredje i løpet av året.

Tiltaket med å importere utanlandske egg er politisk delikat, og i januar blei Nortura kalla inn på teppet til Landbruksminister Geir Pollestad (Sp).

Bakgrunnen var alle egga som blei ønskte velkommen over grensa på same tid som norske eggbønder fekk betalt for ikkje å produsere egg.

I 2022 fekk 13 norske eggprodusentar innvilga søknad om å stanse produksjonen i 12 månader for å hindre overproduksjon av egg.

– Vi må raskast mogleg komme i ein situasjon der vi har nok norske varer. Norske forbrukarar skal få norske egg og norsk mjølk, sa Pollestad.

8BZ3WXTw-Pw

Svak krone og stor etterspurnad i Europa har gjort at fleire norske egg har hamna på kontinentet.

Foto: AFP

Nortura varsla same månad at dei vil hente fleire av dei «kvilande» bøndene tilbake i produksjon.

– Vi har henta dei fleste tilbake i produksjon, men det vil ta litt tid før vi ser effekten av det. Hønene treng litt tid før dei byrjar å verpe, sa konserndirektør Kjell S. Rakkenes i Nortura.

Når Nortura bommar på prognosane, har det fleire forklaringar.

Blant anna har summen av svak krone og stor etterspurnad i Europa på grunn av sjukdomsutbrot gjort at fleire norske egg har hamna på kontinentet.

I tillegg har nordmenn blitt enda gladare i egg. I fjor auka den norske etterspurnaden med 2 prosent.

Landbruksministeren på Oslo S

Tiltaket med å importere utanlandske egg er politisk delikat, og i januar blei Nortura kalla inn på teppet til Landbruksminister Geir Pollestad (Sp).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Publisert 07.05.2024, kl. 13.04

Read Entire Article