Tatt på fersken med 150 kilo «parasitt-kokain»

1 week ago 17



Slik avslørte dei Husnes-saka:

Skjult kamera, sporing av bilar og politihelikopter med varmesøkjande kamera var sentralt i aksjonen på Vestlandet.

 Politiet
TIMAR FØR: Politiet fulgte godt med på albanarane då dei kom til Sunnhordland i april i fjor. Her er det 26-åringen, 30-åringen og 27-åringen som møtes ved ein bensinstasjon berre timar før dei blei tatt. Foto: Politiet

Publisert 07.05.2024 13:55

Fire menn og ei kvinne, alle frå Albania, møtte tysdag i Hordaland tingrett.

Alle er tiltalt i den sokalla Husnes-saka, der politi og tollvesenet i fjor vår avslørte 150 kg kokain som var festa under sjølinja på eit lasteskip som kom til Sunnhordland frå Brasil.

Det er det største beslaget av kokain som er gjort nokon gong på Vestlandet.

Påtalemakta meiner dei har avslørt eit kriminelt nettverk som medverkar med henting og transport av kokain som blir «parasittsmugla» til den europeiske marknaden via Norge.

Det betyr at kokainet blir festa til holrom på lasteskip, under sjølinja. Det trengst difor minst éin dykkar i framkomstlandet til skipet som kan dykke ned og hente stoffet.

Husnes-saka skal vere første gang man har oppdaga akkurat denne metoden i Norge. 

 Politiet
EIN DEL: Fire slike sekkar med kokain var festa til lasteskipet som kom til Husnes i april i fjor. Foto: Politiet

Tre nekta straffskuld

Berre ein av dei erkjente straffskuld, fullt og heilt. 

To menn og ei kvinne nekta straffskuld. Den siste, ein 26 år gamal mann, erkjente delvis straffskuld. 

Han visste han skulle ta imot narkotika og køyre av garde med det, men trudde det var snakk om hasj.

Dette er dei tiltalte i Husnes-saka

Mann (46): Dykkaren

Nektar straffskuld

Skal ha henta stoffet under sjølinja på lasteskipet «Nordloire». Førte det i land ca 1 km nord for kaien ved hjelp av undervass-scooter, ifølge tiltalen. Vart arrestert nokre kilometer lenger nord igjen. Då hadde han på seg eit klesplagg som er vanleg å ha under tørrdrakta, var utan sko og bilen var full i dykkarutstyr. Forsvarar: Ole Petter Drevland.

Kvinne (33): Sjåfør, innkjøp og tolk

Nektar straffskuld

Skal ha vore med på å planlegge aksjonen, kjøpt dykkarutstyr i Bergen og fungert som tolk. Skal også ha handtert dykkarutstyret før dykket og køyrd den 46 år gamle dykkaren i bil til og frå staden der stoffet vart henta opp. Arrestert saman med 46-åringen, ho køyrde bilen. Forsvarar: Fredrik Schøne Brodwall.

Mann (26): Sjåfør for narkotikaen

Erkjenner delvis straffskuld

Skal ha vore med på planlegging av aksjonen og ved å ta imot stoffet i vasskanten. Så skal han ha lagt det i bilen som han køyrde aleine. Også arrestert saman med dei to andre over. Har sagt at han trudde han skulle hente hasj. Var den første som vart pågripen.Forsvarar: Sara Ler Christensen.

Mann (27): Frakt av utstyr

Nektar straffskuld

Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert ved eit naust ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Kai Inge Gavle

Mann (30): Frakt av utstyr

Erkjenner straffskuld

Tiltalt for det same som mannen over. Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert saman med 27-åringen ved naustet ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Alexander Gonzalo Sele.

Dei to siste mennene vart arrestert saman med ein sjette sikta person i saka. Vedkommande køyrde også bil og skulle ifølge TV 2 sine opplysingar plukke opp 27-åringen og 30-åringen ved naustet etter at stoffet var kome i land. Mannen døydde i fengsel i fjor og saken mot han er difor lagt vekk.

Omfattande aksjon

Dei fem, pluss ein sjette mann som døydde i fengsel i fjor, vart alle arresterte natt til 13. april på Husnes i Sunnhordland i fjor.

Då hadde politi og tollvesen allereie spana på dei i fleire dagar. Aksjonen som til slutt avslørte rekordbeslaget var massivt:

På Husnes ordna politibetjentar med sporing på leigebilane. 

Det var skjult kamera ved ein Airbnb-leilegheit dei tiltalte leigde. 

Og eit politihelikopter utstyrt med varmesøkjande kamera følgde med frå lufta.

– Det var vanskelege forhold der inne. Dette er eit grisgrendt strøk. Men politiet følgde med så godt dei kunne, og då dei såg aktivitet i vasskanten om natta, slo dei til, summerte statsadvokat Benedicte Hordnes i si innleiing.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
AKTOR: Statsadvokat Benedicte Hordnes i Hordaland tingrett. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Det store partiet med kokain var festa under lasteskipet «Nordloire». Totalt var det snakk om fire tunge sekkar. 

Skipet kom frå ei sokalla «risikohamn» i Brasil og skulle til Hydro på Husnes med råmaterialet alumina, som blir nytta i aluminiumsproduksjon.

Då betjentane i politihelikopteret såg at det blei løfta inn i ein bil kring 1 km nord for kaia, gjekk altså politiet til aksjon.

 Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen
LASTESKIPET: «Nordloire» skulle berre frakte alumina til Hydro sitt aluminiumsverk på Husnes. Under sjølinja på skipet hadde dei, uvitande, med seg meir. Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Sjåføren av ein kvit Audi, den 26 år gamle mannen, vart stogga nokre kilometer nord for Husnes. I bagasjerommet fann politiet kokainen. 

Like etter kom bilen med den 46 år gamle mannen politiet meiner var dykkaren, og dessutan den 33 år gamle kvinna bak rattet.

Dei siste vart arrestert ved naustet på dykkeplassen, der politiet meiner kokainen kom i land.

Tollarar reagerte

Det heile starta med ein tollkontroll i Larvik to dagar før. Der kom ein tyskregistrert BMW gjennom tollkontrollen. Den var full i dykkarutstyr, mellom anna ei undervass-scooter. 

Sjåføren var albansk og hadde ei så dårleg forklaring på kva han skulle i Norge at tollarane vart mistenksame.

 Politiet
INNKJØP: To av dei tiltalte, den 46 år gamle dykkaren og kvinna (33) kjøpte dykkarutstyr for 35.000 kroner på ein butikk i Bergen, før dei sette kursen mot Husnes igjen. Foto: Politiet

– Dei reagerer fordi dei er kjent med at det blir smugla narkotika til Europa under sjølinja på skip. For å kunne fjerne narkotikaen, må ein difor ha profesjonelt dykkarutstyr, sa Hordnes.

Tollvesenet bestemte seg for å følge etter han i ein sivil bil. Då kunne dei sjå at mannen møtte fleire andre ved eit hotell på Gardermoen. Dykkarutstyret blei lempa over i to bilar.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
MYKJE POLITI: Alle dei fem tiltalte sit i varetekt i Norge. Det vart difor folksomt i retten. Kvar tiltalt er i følgje med forsvararen sin, samt to politibetjentar. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Tre skip var på veg

Då det seinare vart oppdaga at bilane hadde sett kursen mot Vestlandet, auka Tollvesenet innsatsen. 

Ein tok kontakt med kollegaene i vest, som raskt konstaterte at det var lasteskip på veg både til Husnes, Årdal og Sunndalsøra.

Bompasseringar viste at leigebilane sette kursen mot Sunnhordland. Politiet vart kopla på.

– Men tollvesenet var heilt sentrale i denne aksjonen, merka Hordnes for retten.

 Politiet
FIRE SEKKAR: Denne plastpakka sekken var full av kokain. Fire slike vart funne bak i bilen til ein 26 år gamal albansk mann på Husnes i fjor vår. Foto: Politiet

Tvang

Alle dei tiltalte risikerer lange fengselsstraffer. Dei vil forklare seg i løpet av rettssaka. 

Fleire skal i politiavhøyr gitt uttrykk for at dei er utsett for press og tvang.

 Tolletaten
STOR AKSJON: 13. april i fjor blei det beslaglagt 150 kilo kokain Foto: Tolletaten

– Det er ingen tvil om at dei objektivt har bidratt til innførsel av kokain. Problemstillinga for retten er å avgjere om dette vart gjort med forsett. Visste dei kva dei var med på? Det er klassisk å forklare at ein trudde det var hasj, fordi det gir mykje lågare straff, argumenterte Hordnes.

Strafferamma er 15 års fengsel for det grove narkotikalovbrotet med innførsel av kokain til Noreg, medan strafferamma for å vere del av ei organisert kriminell gruppe («mafiaparagrafen») er på seks års fengsel.

Read Entire Article