Tidlegare lege frikjend for å ha massert brystvortene til pasient

1 week ago 19



Timen hos legevakta blei ikkje slik den unge pasienten hadde venta. Etter eit stygg fall på handballtrening mistenkte ho at ribbeinet var brote, og bad om bli undersøkt av den ukjende legen.

Ho har foklart at timen utvikla seg til eit overgrep, og hevda ho blei massert på brystvortene av den langt eldre legen.

No er legen frikjend og slepp å betale erstatning.

Retten meiner «hans forklaring er minst like sansynleg som pasienten», leste dommaren opp måndag morgon.

Rettssak i Molde

Mannen sin forsvarar, Alexander Schimmelpfennig Nygaard.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Lege tiltalt for massering av brystvortene til pasient i Romsdal – rettssak i Møre og Romsdal

Gret då han blei frifunnen

Påtalemakta meiner den tidlegare legen har brote både Helsepersonellova § 67, jmf § 4 og Straffelova § 297 men fekk ikkje medhald i retten.

Retten har vurdert legen si forklaring som truverdig.

Måndag morgon blei dommen lesen opp i Møre og Romsdal tingrett. Den tidlegare legen møtte svartkledd og tok til tårene då dommaren leste opp kva dei er komne fram til.

Hans advokat, Alexander Schimmelpfennig Nygaard, bad sist veke om at den tidlegare legen blei frifunnen, medan politiadvokat Anders Skorpen-Trøen meinte at han må straffast.

Rettssak i Molde

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen bad om fengsel på vilkår i 45 dagar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skal ha lata som ho svima av

Den unge kvinna fortalde i tingretten nyleg at ho fekk panikk då legetimen utvikla seg annleis enn ho hadde tenkt. For å få legen til å slutte, skal ho ha lata ho som om ho svima av.

NRK publiserte nyleg ei omfattande kartlegging som viste at 65 legar har mist eller gitt frå seg autorisasjonen dei siste 20 åra på grunn av seksuell grenseoverskridande åtferd. Den tidlegare legen frå Møre og Romsdal er ein av dei.

Helsetilsynet har tatt autorisasjonen

Statens helsetilsyn bestemte seg hausten 2022 for å ta frå han autorisasjonen, dermed kan han ikkje lenger arbeide som lege.

Den tidlegare legen fortalde i retten sist veke at livet har falle i grus. Han held fast på at han ikkje har gjort noko gale, og vedgjekk ikkje straffskuld. I fjor haust gjekk han til sak mot staten for å få tilbake autorisasjonen, men tapte i Oslo tingrett.

No er han frikjend i straffesaka i Møre og Romsdal tingrett. Det er to vekers ankefrist og dommen er difor ikkje rettskraftig endå.

Publisert 06.05.2024, kl. 10.23 Oppdatert 06.05.2024, kl. 10.27

Read Entire Article