Trudd etter 27 år

1 week ago 16



Fornærma i valdtektssak

FORNÆRMA: Kvinna skal ha fått posttraumatisk stressliding etter hendinga.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Då politiet fortalde at dei tok den gamle valdtektssaka på alvor, begynte ho å grine.

Livet hennar vart snudd på hovudet ei natt i 1995.

Seinare har ho fått påvist posttraumatisk stressliding. Sjølv sporar ho det tilbake til denne natta.

Først no tør ho å tru på rettferd.

Først no tør ho å fortelje om då ein ven, ein ho stolte på, trua ho.

«I dag skal du døy».

Mannen skal ha stått over ho og halde ein kniv mot hovudet hennar.

Dei er begge i 20-åra denne natta midt på 1990-talet. Dei er vener.

På hennar eige soverom i ei leilegheit i Bergen blir ho trua på livet. Mannen held ein kniv mot hovudet hennar.

Han slår.

Han held ho fast og hindrar ho i å forlate rommet.

Så valdtek han ho.

Stemma til kvinna er ustø når ho no fortel om den vonde opplevinga for første gong.

Hennar versjon kjem også fram i tiltalen frå statsadvokaten, 29 år etter hendinga skal ha skjedd.

Men mannen som står tiltala stiller seg uforståande til heile historia. Han nektar straffskuld.

Det einaste sikre er at saka skal opp i retten i august.

For kvinna er dette ei historie om håp. Om endeleg å bli sett.

– Det er ei oppreising berre det å bli trudd og bli tatt på alvor, seier ho til NRK.

– Livet mitt blei smadra

I dag lever ho med psykiske skadar og posttraumatisk stressliding.

Diagnosen heng saman med at ho skal ha blitt valdteken, meiner statsadvokaten.

– Livet mitt blei smadra av denne hendinga, seier ho.

Tilbake til 1995: Kvinna går til politiet for å politimelde mannen. Men ho vågar ikkje oppgi namnet hans.

Derfor skal politiet ikkje ha gjort noko med saka då.

I åra etter har kvinna det vanskeleg. Ho har mista tilliten til politiet. Ho føler livet er røva frå ho.

Først i 2022 tek ho på ny kontakt med politiet. Ho ønsker kontaktforbod for mannen.

Då skal han i fleire år ha sendt sms-ar, der han ifølgje kvinna ønsker å skvære opp etter hendinga. Meldingane opplever ho som ein stor belastning.

Til slutt ringer ho politiet for å få slutt på det. Dei seier ho bør politimelde mannen, noko ho gjer.

Møtet med politiet denne gongen, gjer at ho føler seg sett og tatt vare på.

Kvinna, som no er i 50-åra, kjenner på ei stor lette.

Kort tid etter tiltalen blir kjent, møter ho NRK. Det er gått 29 år sidan ho gjekk til politiet første gongen. To år sidan ho igjen tok kontakt med dei.

– Eg forstod at unge personar i dag kan få hjelp. Eg fortalde alt til politiet, så fekk dei gjere det dei meiner er best, fortel ho til NRK.

Fornærma valdtektssak

Kvinna skal ha levd med psykiske vanskar sidan hendinga skjedde. Ho ønsker ikkje å stå fram med namn og bilde.

Foto: DANIEL HONG HANSEN / NRK

– Eg opplever at rettferd kan skje

Politiet trur på kvinna.

I januar 2024 tek statsadvokaten ut tiltale mot mannen for truslar og valdtekt av kvinna.

Tårene strøymer på når ho får vite om tiltalen.

– Det er ei oppreising berre det å bli trudd og bli tatt på alvor. Det er eitt ord å seie: rettferd.

Mannen erkjenner ikkje straffskuld, og meiner hendinga ikkje har skjedd, ifølgje forsvarar Erik Johan Mjelde.

Han stiller spørsmål ved både minne, psykiske diagnosar og bevisføring så lang tid etterpå.

Men for kvinna er tiltalen ein stor milepæl.

– Eg er svært takksam. Eg opplever at rettferd kan skje, og at eg blir sett og tatt på alvor. Det gjenopprettar tilliten til systemet, seier ho.

No vonar kvinna at saka kan gi håp til andre i liknande situasjonar.

Markeringar mot valdtekt

I det siste har debattane om valdtekt og samtykkelov blussa opp att.

Tre unge menn blei frifunne av lagmannsretten i den mykje omtala gruppevaldtektssaka. Etterpå har mange stilt spørsmål ved om det er noko poeng i å politimelde valdtekter.

Tusenvis har stilt opp i markeringar til støtte for alle offer for valdtekt, under slagordet «vi trur deg».

Statistikkar viser at ei av fem kvinner har opplevd valdtekt.

I mars fekk styresmaktene kraftig refs av valdtektsutvalet for å gjere for lite for å førebygge valdtekt.

Dei færraste som blir utsett for ei valdtekt vel å politimelde saka, og av dei som gjer det, blir dei fleste sakene lagt bort, ifølgje rapporten til utvalet.

– Å sjå det folkehavet... Å føle seg makteslaus er veldig tungt. Men det er så rørande når folk seier vi trur deg, seier kvinna i 50-åra til NRK.

Ho er klar over at det blir stilt strenge krav til bevis for å dømme nokon.

– Ein dom handlar om rettssikkerheit. Om den tiltala blir frifunne, er det ikkje fordi eg ikkje blir trudd, men sanningar er vanskelege å sette opp mot kvarandre, seier ho

Avviser heile hendinga

Bistandsadvokaten til kvinna har omtala saka hennar som grov.

I august møtest dei to tidlegare venene i Hordaland tingrett.

Fordi kvinna skal ha blitt påført ein betydeleg psykisk skade, har saka ei øvre strafferamme på 21 år, fortel statsadvokat Kristine Herrebrøden.

Statsadvokat Kristine Herrebrøden

Statsadvokat Kristine Herrebrøden tok ut tiltalen i januar.

Foto: Paul Andre Sommerfeldt / NRK

Den tiltala mannen ønsker ikkje å stille til intervju, men forsvararen hans, Erik Johan Mjelde, svarar på hans vegner.

– Politimeldinga i 2022 kom som ei enorm overrasking på han. Han stiller seg heilt uforståande til at det skal ha vore ei hending mellom dei, på ein ikkje nærare oppført dag og dato, vinteren 1995, seier Mjelde.

Tidlegare har forsvararen varsla at dei vil tilbakevise at hendinga i det heile har skjedd. Han stiller også spørsmål ved bevissituasjonen og hukommelsen så lang tid etterpå.

Ser på tiltalen som siger i seg sjølv

Mannen og kvinna hadde ein venskapeleg relasjon i mange år før 1995, opplyser Mjelde.

Han stadfestar også at klienten hans og den fornærma kvinna hadde «svært sporadisk kontakt» per SMS i åra etter valdtekta skal ha skjedd.

Men Mjelde avviser at kontakten skal ha handla om den påståtte hendinga.

– Han opplever saka som ein uforståeleg og vondskapsfull skulding og ønsker ikkje å kommentere saka vidare i media, seier forsvararen.

Advokat Erik Johan Mjelde

Erik Johan Mjelde er forsvarar for den tiltala mannen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Statsadvokat Kristine Herrebrøden ønsker ikkje å kommentere kor vidt SMS-ane vil bli brukte som bevis i retten, men seier at tiltalen bygger på ei samla vurdering av ulike typar bevis.

Uansett korleis det går i rettsaka, fortel den fornærma kvinna at ho ser på tiltalen som ein siger i seg sjølv.

– Det kan vere veldig lækjande at du opplever å bli trudd, at nokon anerkjenner og validerer det du opplevde, seier ho.

Publisert 07.05.2024, kl. 21.49

Read Entire Article