Unik rovfugl: – Heilt rått

2 weeks ago 19



JÆREN (TV 2): For truleg første gong har rovfuglen overvintra i Noreg. Éin ting er heilt spesielt med akkurat dette eksemplaret.

 Ben Andre Njærheim
VINGESPENN: Det skal ikke stå på størrelsen, med et vingespenn på opp mot tre meter. Foto: Ben Andre Njærheim

Publisert 04.05.2024 14:33

I januar fekk Synnøve i Årdal i Rogaland ein svær og merkeleg gjest rett utfor huset. 

Den enorme rovfuglen gnog på eit lammebein, og har etter alt å dømme heldt seg god og mett sidan. 

I helga fekk Ben Andre Njærheim nemleg ei oppleving som nesten ikkje er til å tru. 

– Det var heilt rått! 

Sjå video lenger nede i saka!

 Saman med den heilt unike rovfuglen i Noreg flyg ein ung kongeørn. Ifølgje fotografen var det ei tredje ørn like ved.
UNG KONGEØRN: Saman med den heilt unike rovfuglen i Noreg flyg ein ung kongeørn. Ifølgje fotografen var det ei tredje ørn like ved. Foto: Ben Andre Njærheim

Truleg første gong

Njærheim er hobbyfotograf fekk ikkje berre fleire blinkskot, men eit syn heilt utanom det vanlege. 

– Eg såg først ei havørn som flaug mot meg og tenkte eg skulle køyre etter og prøve å få nokre kule bilete av ho, seier fotografen. 

Njærheim fekk i bøtter og spann. 

– Eg står der og plutseleg dukkar det opp tre! Både havørn, kongeørn og gribb på same tida, seier Njærheim. 

Han beskriv opplevinga som ekstase, og seier det ikkje var tvil om kva fugl som var lammegribben. 

– Det kunne sjå litt ut som dei krangla og slåst i lufta, seier han.

Han fekk ikkje knipsa bilete av alle tre i same rute, men fekk fleire skot av lammegribb og ørn. 

 Ben Andre Njærheim
FLYG I TANDEM: Rovfuglrehabilitator Ellen Hagen fortel at det ikkje er unormalt Foto: Ben Andre Njærheim

Lammegribben her nemleg ennå, og det er langt frå sjølvsagt. 

– Det er truleg første gong ein lammegribb har overvintra i Noreg, seier Ellen Hagen.

Om lammegribben

Lammegribben har eit vengespenn på mellom 2,3 og 2,9 meter, kan vege frå 4 til over 7 kilo, og blir om lag 110 centimeter lang.

Arten er del av haukefamilien og er i underfamilien afrikanske gribbar.

Lammegribben har status som «nær trua»,. Ifølgje Vulture Conservation Foundation, er det 465 hekkande par i Europa. I 1994 var dette berre om lag 100. På verdsbasis skal det vere mellom 1600 og 7000 individ (BirdLife International 2021).

Arten er ekstra glad i beinmarg, og er kjend for å sleppe knoklar frå høgt oppe i lufta, og knuse dei mot fjell.

På engelsk blir lammegribben kalla «bearded vulture». Han finst i fjelltrakter i India, Tibet, Tyrkia og Balkan, dei sveitsiske alpane, dei franske og spanske pyrenéene, og stader i Afrika.

Lammegribben var tidlegare utrydda frå alpene, men å gjeninnføre arten har vore vellukka.

Ho er rovfuglrehabilitator og leiar av Norsk Falkejakt Forbund. Hagen har følgt nøye med på lammegribben sidan han først blei oppdaga her i Noreg.

– No når dagane har blitt lengre har han blitt meir aktiv, seier ho. 

 Privat
ROVFUGLREHABILITATOR: Ellen Hagen seier det kun er positivt for norsk fauna at han for første gong inneheld ein lammegribb. Foto: Privat

Eit svært godt teikn

Etter å ha vore i Ryfylke i vinter, flaug han heilt ned til Lindesnes. 

– Det verka nesten som han skulle ned til Europa igjen, men han tok turen opp igjen langs kysten, seier Hagen. 

Éin detalj med akkurat denne rovfuglen er heil sentral, fortel ho. Lammegribben er nemleg ikkje ringmerka.

– Det betyr at gribben er kome fram frå lammegribbar utan hjelp frå menneske, seier Hagen og legg til: 

– Det er et kjempebra teikn og positivt for bestanden!

Åtseletaren har nemleg vore utryddingstruga. Blant dei som har arbeidd for å redde arten er The Vulture Conservation Foundation. 

Hagen kontakta organisasjonen etter Synnøve Nag Soppeland kom over lammegribben i januar, og dei blei svært glade for informasjonen. 

 Privat
SVÆR: Vengespennet til ein fullvaksen lammegribb kan bli opp mot tre meter. Dette eksemplaret er ikkje ennå blitt heilt vaksen. Foto: Privat

– Han har jo nå vore her i halvanna år. Det kan eg ikkje sjå nokon annan gribb har vore før, så dette er litt historisk, seier Hagen. 

Ho seier det er viktig at ingen legg ut åte til gribben fordi det kan påverke fuglens naturlege åtferd. 

– Sirkla rundt oss

Ruth-Iren Krogevoll Sie var på tur med familien på ein fjelltopp i Ryfylke då dei møtte den svære fuglen. 

– Det var eit flott syn. Han sirkla rundt og oss minstejenta blei litt småredd. Ho tenkte nok det var uvant og skummelt, seier Krogevoll Sie og legg til:

– På film og i teikneseriar er jo ikkje gribb eit særleg godt teikn. 

I likskap med Njærheim såg også Ruth-Iren og familien ørner i same området, sjølv om det var ein heilt annan plass i Rogaland. 

– Vi såg fort at dette ikkje var ørn. Den hadde eit heilt anna vengespenn, seier ho.

Lammegribben kan få opp mot tre meter langt vengespenn. Fuglen heldt fram å sirkle rundt familien heilt til dei var gått vidare. 

– Det var akkurat som om han var nysgjerrig på kven vi var, seier Krogevoll Sie. 

Read Entire Article