Vil innføra miljøavgift på «ultrafast fashion»

1 week ago 20



– Då eg var yngre kunne eg bruka nye plagg to-tre gongar, før eg gav dei vekk.

22 år gamle Dina Buer går rundt i ein stor Uff-butikk i Bergen sentrum og leitar etter eit nytt bruktfunn.

Studenten har alltid vore opptatt av mote, og før var ho storkunde hos såkalla fast fashion-kjedar.

– Eg tenkte «Kva har det å seie om eg kjøper denne toppen? Det skadar ingen». Men det skadar jo miljøet på sikt.

Verdsbanken anslår nemleg at klesindustrien står for rundt 10 prosent av verdas klimagassutslepp.

I tillegg er det berre 3 prosent av dei kleda me donerer i Noreg som faktisk blir i landet, viser ei kartlegging av brukte tekstilar og tekstilavfall.

Mykje av det hamnar blant anna i store søppeldynger i Afrika.

Second-hand bedre enn fast fashion ?

Etter at Buer var med i ein NRK-artikkel då ho var 17 begynte ho å lesa seg opp på klimaavtrykket til moteklede.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK / AGNIESZKA IWANSKA

Vil gjera «fast fashion» dyrare

I eit forsøk på få bukt på problemet, går Frankrike no inn for ei miljøavgift på «fast fashion».

Forslaget, som har fått sterk politisk støtte, vil i førsteomgang legga til fem euro på prisen av eit billigplagg.

I 2030 skal summen opp i 10 euro.

Ei slik ordning kan vera gunstig også i Noreg, meiner professor ved Sifo, Ingun Grimstad Klepp.

Ingun Grimstad Klepp

Klepp har forska på tekstil, klede og klesforbruket vårt i mange år.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Skal forbruket ned, må prisen opp, seier ho.

Ho meiner tyngre regulering av klesindustrien er den einaste løysinga som vil få ned overproduksjonen av klede.

– Då kan ei slik avgift vera ein del av løysinga, meiner ho.

Ikkje nok at det blir billigare med brukt

I eit forsøk på å få ned forbruket av nye klede, har regjeringa nyleg gjort det enklare å kjøpa og selja brukt.

Men det er langt frå nok, meiner Klepp.

– Det er ikkje slik at folk kjøper mindre nytt fordi dei kjøper meir brukt.

– Det aller viktigaste for å få ned miljøbelastninga er å produsera mindre nytt. Det er ingen direkte samanheng mellom auka brukshandel og reduksjon i produksjon, slår ho fast.

Næringa: – Kor dyrt er dyrt nok?

Berekraftssjef i Virke, Tord Dale, seier dei har prata med systerorganisasjonen deira i Frankrike, som i utgangspunktet er positive til ei miljøavgift på billigklede.

– Men dei seier også at det er fleire spørsmål enn svar når det gjeld denne ordninga.

Han meiner det viktigaste spørsmålet er kor stor avgifta må vera for å få til endring.

Tord Dale er leder for bærekraft/ politikk i Virke

Dale meiner det er viktig å vera sikker på at ei miljøavgift ikkje slår ut skeivt, og at det ikkje råkar norske produsentar meir enn utanlandske.

Foto: PRESSEFOTO / Virke

– Det kan potensielt vera ein veldig stor sum. Då kan me risikera at det råkar skeivt, og at det blir dyrt for dei med dårlegast råd, seier han.

Han meiner det kan vera betre å fokusera på å gjera sjølve produksjonen av klede meir berekraftig og miljøvennleg.

Lan Marie Berg

Synne Sørenes / NRK

Lan Marie Berg, Miljøpartiet Dei Grøne

– Det er viktig at også Noreg innfører ei avgift på fast fashion samtidig som vi fjernar moms på brukthandel og reparasjon. Dette vil eg ta opp i samband med behandlinga i finanskomiteen av revidert nasjonalbudsjett.

Mathilde TybringGjedde

Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Mathilde Tybring-Gjedde, Høgre

– Vi vil innføre ei ordning der dei som produserer og importerer klede til Noreg må betale for handtering av klessvfallet. Vi trur det er ei meir målretta ordning enn ei generell avgift, fordi det både ansvarleggjer dei som sender tonnevis av klede inn på marknaden og gjer at ein får pengar til å investere i anlegg for utsortering og gjenvinning av klede.

Sivert Bjørnstad

Terje Bendiksby / NTB

Sivert Bjørnstad, Frp

– Vi er nok meir positive til å bruke gulrot enn pisk. Dette er forslag som berre vil gjere klede for folk flest dyrare, og vi som politikarar bør gjere det vi kan for å redusere kostnadene for folk og næringsliv, ikkje auke dei.

Fosen Dommen

William Jobling / NRK

Sofie Marhaug, Raudt

– Vi er skeptiske til avgifter som berre blir lempa over på forbrukarane, og slår skeivt ut. Det viktigaste er å gi produsentane ansvar for at klesindustrien ikkje utnyttar arbeidarar, og for at meir klede blir resirkulerte i Noreg. Vi forventar at regjeringa snart får produsentansvarsordninga for tekstil på plass.

Jenny Klinge

Jan Erik Finsæther

Jenny Klinge, Sp

– Slike kjeder som går under «fast fashion» liknar på hurtigmatkjeder kva gjeld å lokke folk til å fråtse og til å bli avhengige. Vi er derfor positivt innstilte på å vurdere ei avgift dersom det er mogleg å innrette tiltaket slik at det rammar målretta den typen verksemd som det her er snakk om.

Rune Støstad AP

Frode Fjerdingstad / NRKFrode Fjerdingstad

Rune Støstad, Ap

– Om Frankrike innfører ei slik avgift er det også noko vi kan dra lærdommar frå. Her i Noreg har regjeringa allereie varsla strengare produktkrav, fordi vi veit at «Fast fashion» gir enorme mengder med klede som har dårleg kvalitet, som blir brukt få gonger og som endar opp som eit avfalls- og miljøproblem.

– Dess høgare pris, dess betre

Klepp ved Sifo seier det er vanskeleg å slå fast ein konkret sum som garantert vil føra til endring hos forbrukaren.

– Men det er klart; dess høgare pris, dess betre for klima.

Ho legg til at ein kan skattlegga klede ulikt, slik at dei som forureinar meir, blir dyrast.

Second-hand bedre enn fast fashion ?

Buer seier ho alltid leiter etter nye klede på Tise, Finn eller bruktbutikkar. Og i sambuaren sitt skap, då.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK / AGNIESZKA IWANSKA

Dina Buer trur ei miljøavgift kan gjera det enklare å halda seg vekke frå «fast fashion».

– Av og til er det faktisk billigare å kjøpe nytt enn brukt, og slik burde det ikkje vera, seier ho.

Studenten, som også er artist, har likevel nokre tips om ein vil fornya kleskapet og spara på kronene:

– Det blir jo arrangert byttekveldar for eksempel. Men eg er heldig. Eg bur med ei venninne, så eg har dobbelt kleskap, seier ho og ler.

Publisert 08.05.2024, kl. 21.50

Read Entire Article