Hadi (23) skal sykle Europa på langs og tvers

1 week ago 12



Etter om lag 5000 kilometer på sykkelen, er nordmannen halvvegs til det ambisiøse målet.

 Privat
GJENNOM EUROPA: Hadi Akhlaghi (23) er snart framme ved målet for den første etappen på reisa si, i Portugal. Foto: Privat

Publisert 06.05.2024 09:40

Dei siste månadane har Hadi Akhlaghi (23) vore på ei reise litt utanom det vanlege.

Innan sommaren håpar han nemleg å ha sykla Europa både på tvers og på langs.

Når TV 2 snakkar med han, er han i ein by i Portugal, på grensa til Spania. Målet på den første etappen hans er om lag 250 kilometer unna.

Har ikkje dårleg tid

Turen starta i Istanbul i Tyrkia den 21. februar. Sidan då har han i tur og orden sykla gjennom Bulgaria, Serbia, Kroatia, Slovenia, Italia, Frankrike, Monaco, Spania og til slutt Portugal.

 Privat
TI LAND: På den første delen av prosjektet, har Akhlaghi sykla gjennom ti land, frå Tyrkia i aust til Portugal i vest. Her frå grensa mellom Frankrike og Spania. Foto: Privat

Når han er ferdig med første etappe, som er reisa på tvers av Europa, begynner turen på langs. Den startar i Tarifa i Spania. Målet er å kome fram til Nordkapp i sommar.

Då vil han, etter det han veit, bli den første nordmannen som har sykla Europa på tvers og på langs.

– Eg håpar å vere framme ein gong i juli, men eg har ikkje dårleg tid. Brukar eg ei veke eller to ekstra, så har det ikkje så mykje å seie, seier Akhlaghi.

I samband med turen har han også starta ei innsamling for Mental Helse.

– Eg vil setje litt fokus på det, og at det skal vere mindre tabubelagt å snakke om korleis ein har det, seier han.

Han fortel om mange gode tilbakemeldingar på prosjektet.

– Eg har mange som heiar og synest det er tøft at eg går ut og snakkar om desse tinga som kanskje er litt vanskeleg å snakke om. Så vil eg kanskje også vere eit forbilde som eg mangla då eg var liten, seier Akhlaghi.

 Privat
MENTAL HELSE: Akhlaghi vil sykle Europa på tvers og på langs for å setje fokus på mental helse. Foto: Privat

– Tolt meir enn eg trudde

Då Hadi var fem år, kom han og familien til Kirkenes og Norge som flyktningar frå Afghanistan. Men oppveksten var ikkje problemfri, fortel han.

– Eg sleit mykje med mobbing, og mi eiga sjølvkjensle. Når du blir fortalt noko nok gonger, så trur ein jo på det til slutt. Det gjekk mykje utover sjølvtilliten min, seier han.

Eitt av måla med reisa, er difor å setje fokus på mental helse.

– Det er ikkje berre ein sykkeltur gjennom Europa, men eg har også utvikla meg sinnssjukt mykje på turen. Eg har tolt mykje meir enn eg trudde og pusha grensene, fortel Akhlaghi.

Planlagt i eitt år

Akhlaghi har lagt bak seg fleire tusen kilometer på sykkelsetet, og nærmar seg no halvvegs. Så langt har turen gått over all forventning, seier han.

 Privat
TELT: Mange av overnattingane på turen har vore i telt. Foto: Privat

– Eg har jo ikkje trent til denne turen. Elles har det gått ganske bra. Det tyngste har faktisk vore kviledagar, fordi det følast som eg berre har eitt gir å gå på, seier Akhlaghi.

– Når eg sit på sykkelsetet, har eg berre lyst til å fortsette å sykle, eg manglar litt den stoppknappen. Fordi eg blir ikkje sliten. Så då er det vanskeleg å skulle gire ned og finne roa når eg skal ta kviledag. Hovudet vil berre komme seg på sykkelen igjen og sykle vidare, legg han til.

For å ikkje få overbelastning er han likevel nøydd til å ta pausar innimellom.

– Så det er noko eg må jobbe med. Når eg er på sykkelsetet, så følar eg meg fri og finn den indre roa. Det er ein ubeskriveleg fridomsfølelse. Så det eg må øve på er å finne roa og puste litt når eg har pause frå sykkelsetet, utan å heile tida jakte mil, seier Akhlaghi.

Turen har han tenkt på å gjennomføre i nesten eitt år.

– Eg har gjort turen litt hardare enn den må vere, med tanke på treningsbiten. Det er fordi eg liker å streve etter ting, og så er det å bevise for andre at mykje er mogleg. Ein må berre ha eit mål og jobbe hardt, så er mykje mogleg, seier Akhlaghi.

Read Entire Article